Peder Chr. Andersen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Peder Christian Andersen (5. april 1892–12. mars 1964)[1] var ein norsk fotballdommar, journalist, redaktør og radiokommentator.
Peder Chr. Andersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. april 1892 |
Død |
12. mars 1964 (71 år) |
Yrke | fotballspelar, journalist, redaktør, fotballdomar |
Prisar | Kongens fortenestmedalje, ridder av Dannebrogordenen |
Peder Chr. Andersen på Commons |
Andersen rapporterte for bladet Sport frå Sommar-OL 1912. Seinare gjekk han til Social-Demokraten og endeleg til Aftenposten i 1919. Der vart han underredaktør i 1925, redaktør i 1945 og vart verande til 1963. I tillegg dreiv han saman med Einar Staff og Trygve Gulbranssen bladet Idrettsliv 1915–28.
Då han overtok etter Einar Diesen under Sommar-OL 1924 vart han den første fotballkommentatoren i radio. Andersen var kjent for sin spesielle stil og vil hugsast mest for den direkte radiooverføringa frå Sommar-OL 1936 i Berlin i 1936 der han refererte frå Bronselaget sin siger over det tyske OL-laget.[2] Han kommenterte også VM i fotball 1938.[3]
I 1912 var Andersen med på å stifta Sagene-laget SFK Njord, som etter fleire sammenslutninger vart til IK Skeid i 1925. I tillegg var han domar under Sommar-OL 1924 og innviinga av Ullevaal Stadion i 1926.[4]
Andersen sat lengje i styre og stell for Noregs Fotballforbund, blant anna som sekretær. Han hadde ofte blanda roller i virket sitt.[5]