norsk avis From Wikipedia, the free encyclopedia
Aftenposten er den største dagsavisa i Noreg, og dekker spesielt Oslo og omland. Avisa har tradisjonelt hatt eit nært tilhøve til riksmålsrørsla, og målforma til avisa har vore ein skriftnormal fastsett av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur. Etter kvart har avisa gått over til å skriva vanleg bokmål.
Aftenposten vart grunnlagd av Christian Schibsted den 14. mai 1860 under namnet Christiania Adresse-blad. Året etter vart namnet endra til Aftenposten.
Avisa fekk eit oppsving under Amandus Schibsted, som var redaktør i tida frå 1879 til 1913. Mellom anna vart avisa eit leiande lysingsorgan.
Avisa kom ut under heile okkupasjonstida under den andre verdskrigen. Noko av grunnlaget for veksten etter krigen kom av at avisa vart halden i gang, medan andre aviser vert tvinga til å stogga utgjevinga av okkupasjonsmakta.
I 1981 mista avisa posisjonen som landets største avis, rekna i opplag, til VG som Aftenposten overtok i 1966 som betaling for uteståande trykkerirekningar. Men i 2011 vart Aftenposten størst att i ein marknad med fallande opplagstal.
Aftenposten har komme i to daglege utgåver sidan 1885, morgonutgåva og Aften (tidlegare Aftenposten Aften eller berre Aften Aften på folkemunne). Sundagsavis har kome frå 1990.
Kveldsavisa vert utgjeve i tabloidformat, og i september 2003 endra Aftenposten storleiken på delar av morgonutgåva frå storformat til tabloidformat. Frå og med 2005 kjem heile morgonavisa i tabloidformat.
Aftenposten vert utgjeve av Aftenposten AS, som vert eigd av det norske mediekonsernet Schibsted ASA.
Tal frå Mediebedriftenes Landsforening 1980–2009:
|
|
|
Tal frå Mediebedriftenes Landsforening: 1989–2009:
|
|
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.