norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Herman Smitt Ingebretsen (6. mars 1891–13. november 1961) var ein norsk pressemann og Høgre-politikar frå Kristiansand.
Herman Smitt Ingebretsen | |||
Fødd | 6. mars 1891 Kristiansand kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 13. november 1961 (70 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, redaktør | ||
Utdanna ved | Kristiansand katedralskole | ||
Alle verv |
|
Ingebretsen var son til ein handelsagent. Etter han tok studenteksamen i 1911 studerte han soisaløkonomi ved Universitetet i Oslo. Samstundes fekk han arbeid som journalist i Morgenbladet. Han flytta i 1916 over i redaksjonen til Aftenposten, også det ei hovudstadsavis. Frå 1919 var han avisredaktør fleire stade; fyrst 1919-20 i Fremskridt i Skien, dernest 1920-24 i Christiandsands Tidende og 1924-36 i Stavangeren.
Han var generalsekretær i Høgre perioden 1936 til 1940. Krigsåra 1940-44 var han medarbeidar i Morgenbladet, til han 1944-45 var sjef for det norske militære sitt pressekontor i London. Etter verdskrigen var over i 1945 var han i tre år redaktør i Morgenbladet. Frå 1949 til 1961 var han sjefredaktør i Aftenposten.
Ingebretsen var medlem i Høgre sitt sentralstyre i to periodar, 1934-39 og 1950-61. I 1945 vart han vald til stortingsrepresentant frå Akershus. Sidan vart han vald til representant frå Oslo i to periodar, 1950-53 og 1954-57. På tinget var han medlem i Sosialkomiteen 1945-49 og i Kyrkje- og undervisninsgkomiteen 1950-57, frå 1954 som formann i komiteen. Smitt Ingebretsen, som han vanlegvis vart kalla, var parlamentarisk leiar for Høgre i 1948-sesjonen, og nestleiar i resten av 1945-49-perioden.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.