Palauisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Palauisk er eit malayopolynesisk språk som er nasjonalt språk på Palau, der det har rundt 15 000 talarar.
Palauisk tekoi er Belau, tekoi ra Belau, | ||
Klassifisering | austronesisk malayopolynesisk sentral-austleg | |
Bruk | ||
Tala i | Palau, Guam, USA | |
Område | Mikronesia | |
Palauisktalande i alt | 15 000 | |
Skriftsystem | det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | pau | |
ISO 639-3 | pau | |
Palauisk blir snakka av rundt 65 % av palauarar. Det er offisielt språk i dei fleste statane i Palau, bortsett frå Angaur og dei fjernare øyane Sonsoral og Tobi. Det andre offisielle språket i øyriket er engelsk.[1] Utanom Palau finst det ein del språkbrukarar på Guam og i USA.[2]
Språket tilhøyrer den sentral-austlege språkgruppa av malayopolynesiske språk, og skil seg ut frå andre språk i Mikronesia ettersom det verken tilhøyrer dei mikronesiske eller polynesiske språka. Det einaste nærskylde språket i området er chamorro, som mellom anna blir snakka på Guam.
Ein skriv palauske med det latinske alfabetet, etter ein ortografi som blei fastsett på 1970-talet.