![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/49/Oxford_Street_December_2006.jpeg/640px-Oxford_Street_December_2006.jpeg&w=640&q=50)
Oxford Street
From Wikipedia, the free encyclopedia
Oxford Street er ei av dei viktigaste handlegatene i London. Ho går frå Marble Arch ved nordvesthjørnet av Hyde Park, gjennom Oxford Circus og fram til St Giles Circus, i krysset med Charing Cross Road og Tottenham Court Road. Etter St Giles Circus fortset gata som New Oxford Street. På vestsida av Marble Arch heiter fortsetjinga av gata Bayswater Road. Heile gata er rundt 1,2 mile (1,9 km) og ligg i City of Westminster.[1] The road [1]
Oxford Street | |||
veg | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Oxford Street 51.515277777778°N 0.14194444444444°W / 51.515277777778; -0.14194444444444 | |||
Wikimedia Commons: Oxford Street | |||
Oxford Street er den travlaste handlegata i Europa, med rundt ein halv million vitjande dagleg. I 2012 hadde ho rundt 300 butikkar. Offisielt er vegen ein del av hovudvegen A40 mellom London og Fishguard i Wales, men han har ikkje A40-skilt, og trafikken er vanlegvis avgrensa til bussar og drosjar.
Gata var opphavleg ein del av romarvegen Via Trinobantina mellom Essex og Hampshire via London. I mellomalderen var han kjend som Tyburn Road, og var kjend for offentleg henging av fangar ved Tyburn Gallows. Han blei kjend som Oxford Road og s[ som Oxford Street på 1700-talet, og byrja etterkvart endra karakter frå bustadsområde til handel. Stormagasin byrja prega gata frå byrjinga av 1900-talet, med Selfridges (som opna i 1909) som den mest merkbare. Under andre verdskrigen blei gata hardt bomba, og fleire bygningar, som John Lewis & Partners, blei totaløydelagde og måtte byggjast opp att frå grunnen.