![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cc/Norwegian_Stone_Hyde_Park.jpg/640px-Norwegian_Stone_Hyde_Park.jpg&w=640&q=50)
Hyde Park i London
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hyde Park er ein av dei kongelege parkane i London, og ligg i City of Westminster. Parken har eit flateinnhald på 1,4 km². Parken som ligg ved sida av, Kensington Gardens, blir av mange rekna som ein del av Hyde Park, men dette er ei feiltaking.
Hyde Park | |||
![]() | |||
![]() Hyde Park i London 51.508611111111°N 0.16361111111111°W / 51.508611111111; -0.16361111111111 |
---|
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cc/Norwegian_Stone_Hyde_Park.jpg/640px-Norwegian_Stone_Hyde_Park.jpg)
Parken blei arva av Henrik VIII frå munkane i Westminster Abbey i 1536. Den var då ei privat jaktmark for monarken og hoffet hans inntil Jakob I tok trona og opna for avgrensa tilgang for folk flest. Det var Karl I som gjorde parken fritt tilgjengeleg for alle i 1637.
Hyde Park er nesten delt i to av innsjøen Serpentine, som blei laga i 1730 og inneheld ender, gjæser og svanar og utleige av robåtar.
Krystallpalasset (Crystal Palace) blei reist i Hyde Park for verdsutstillinga i 1851. Palasset blei seinare øydelagt i brann den 30. november 1936. Hyde Park har også vore arena for ei rekkje berømte rockekonserter, inkludert The Rolling Stones i 1969, Pink Floyd i 1970, Queen i 1976 og ikkje minst Live 8 i 2005.
Blant kjennemerka i Hyde Park er den majestetiske hovudinngangen, Speaker's Corner, Hyde Park Corner og minnesmerket over Diana, prinsesse av Wales.