![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/42/Orinoco_USGS.jpg/640px-Orinoco_USGS.jpg&w=640&q=50)
Orinocobeltet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Orinocobeltet, spansk Faja Petrolífera del Orinoco, er eit samanhengjande område med petroleumsressursar i delstatane Guárico, Anzoátegui og Monagas i Venezuela. Området ligg som eit belte på nordsida av Orinoco i ei lengd på ca. 600 kilometer i vest-aust retning og sørgrensa følgjer elvefaret i stort monn. Flatevidda på ca. 54 000 km². Estimat for sikre petroleumsreservar som kan takast ut pr. 2005 er 37 milliardar fat ekstra tung råolje og bitumen. I 2010 la United States Geological Survey (USGS) fram eit estimat på 513 milliardar fat, mål for det dei kallar teknisk utvinnbare reservar, utan omsyn til kostnadar.[1] Det venezuelanske oljeselskapet PDVSA vil investere 12 milliardar US-dollar i perioden frå 2006 til 2012. Det skal doble dagsproduksjonen til 1,2 millionar fat. [2]
Orinocobeltet | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Orinocobeltet 8.2°N 64.73694°W / 8.2; -64.73694 |
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/42/Orinoco_USGS.jpg/640px-Orinoco_USGS.jpg)
Orinocobeltet er òg ein del av, og ligg i sørvesthjørnet av eit større geologisk område, kalla Det austvenezuelanske bassenget. Bassenget strekkjer seg ut til havs fleire hundre kilometer ut frå Atlanterhavskysten og femnar om delar av Trinidad og Tobago. [3]