![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/64/Flag_of_Trinidad_and_Tobago.svg/langnn-640px-Flag_of_Trinidad_and_Tobago.svg.png&w=640&q=50)
Trinidad og Tobago
From Wikipedia, the free encyclopedia
Trinidad og Tobago (engelsk Trinidad and Tobago), offisielt Republikken Trinidad og Tobago (engelsk Republic of Trinidad and Tobago) er ein øystat i Karibia. Landet består av øyane Trinidad og Tobago, som ligg 30 kilometer nordaust for Trinidad. Næraste naboland er Venezuela.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a2/Trinidad_and_Tobago-CIA_WFB_Map.png/320px-Trinidad_and_Tobago-CIA_WFB_Map.png)
Republic of Trinidad and Tobago
(norsk: Trinidad og Tobago, trinidadisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Forged from the Love of Liberty» | ||||||
Motto | «Together we aspire, together we achieve» ('Saman drøymer me, saman oppnår me') | ||||||
![]() | |||||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||||
Hovudstad | Port of Spain | ||||||
Styresett |
Parlamentarisk republikk Christine Kangaloo Keith Rowley | ||||||
Flatevidd – Totalt |
5 128 km² (167.) | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2007 est.) – Tettleik |
1 218 208 (156.) 1 305 000 237,6 /km² (36.) | ||||||
Sjølvstende frå Det britiske imperiet |
31. august 1962 | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
44 320 mill. USD (107.) 34 900 USD (38.) | ||||||
Valuta | Trinidadisk dollar | ||||||
Tidssone | UTC-4 | ||||||
Telefonkode | ++1-868 | ||||||
Toppnivådomene | .tt
|
Hovudstaden er Port of Spain med 37 074 innbyggjarar (2011), men med 48 838 innbyggjarar er San Fernando den største av dei to byane i landet.[1] Oljehamna Pointe-à-Pierre ligg nord for San Fernando. Eit stykke sør for byen ligg Point Fortin, som har ei stor utskipingshavn for gassproduksjonen i landet. Nord i landet ligg hamna Templadora som er omlastingshamn for bauksitt og alumina frå Guyana og Surinam, der utvinninga finn stad inne i landet og større skip ikkje kan lastast fulle på grunn av djupnetilhøve i elvene Demerara og Paramas. Råvarene blir sende vidare til aluminiumsverk blant anna i USA, Canada og Europa.
Trinidad og Tobago er kjend som opphavsstaden til steel band-musikk (der ein bruker omgjorte oljefat til perkusjon), rosa flamingoar og asfaltsjøen Pitch Lake.