From Wikipedia, the free encyclopedia
L’Ordre des Arts et des Lettres, norsk 'Ordenen for kunst og litteratur', er ein fransk orden som blir gjeven av det franske kulturministeriet til persomnar som har utmerka seg innan kunst eller litteratur, elle som ha bidrege til å spreia fransk kunst og litteratur i verda. Ordenen blei innstifta 2. mai 1957.
Ordenen for kunst og litteratur er inndelt i tre grader.
Ordenstegnet for Ordenen for kunst og litteratur består av ein grønemaljert krosse med åtte doble armar med kuler på spisseae, forbundet ved arabeskar. Midtmedaljongen består av dei sammenfletta bokstavane A og L. Medaljongen har ein bord med omskrifta «ORDRE DES ARTS ET DES LETTRES». Baksida viser «Marianne», personifikasjonen av den franske republikken. For kommandørar og offiserar er ordensteiknet i gull, for riddarar i sølv. Ordensbandet er grønt med fire smale kvite striper.
Insigniene er utforma av kunstnaren Raymond Subes.
Ordenen for kunst og litteratur er tildelt fkeire nordmenn. Mellom desse er Ingeborg Moræus Hanssen, som blei utnemnd til riddar i 1988 og forfremma til kommandør i 1999,[1] og Lars Roar Langslet, som blei utnemnd til kommandør i 1986.[2] Også Ole Henrik Moe er også utnevnt til kommandør.[3]
Arne Hestenes[4] og Liv Ullmann[5] er begge utnemnde til offiserar av ordenen.
Bentein Baardson,[6] Erik Bjørnskau,[7] Haaken A. Christensen,[8] Lars Saabye Christensen,[9] Eyvind Hjelmtveit,[10] Johan Kaggestad,[11] Vigdis Lian,[12] Annie Mowinckel,[13] Carl Nesjar,[14] Johnny Ramm,[15] Svein Erik Søland,[14] Kiki Sørum[16] Dordi Skuggevik Tande[17] og Oscar Klingenberg,[18] er alle utnemnd til riddarar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.