Liv Ullmann

norsk skodespelar, forfattar og regissør From Wikipedia, the free encyclopedia

Liv Ullmann

Liv Johanne Ullmann (fødd 16. desember 1938) er ein norsk skodespelar, forfattar og filmregissør.

Kjappe fakta
Liv Ullmann
Thumb
StatsborgarskapNoreg, Sverige
Fødd16. desember 1938 (86 år)
Tokyo
Yrkemanusforfattar, sjølvbiograf, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, TV-regissør, filmregissør
Religionkristendom
BornLinn Ullmann
Liv Ullmann på Commons
Lukk
Thumb
Liv Ullmann i Cannes i 2000

Bakgrunn

Liv Johanne Ullmann blei fødd i Tokyo i Japan i 1938. Far hennar var Erik Viggo Ullmann (1907–1945), ein norsk sivilingeniør som arbeidde i Tokyo på denne tida.

Far til Liv Ullmann var flyteknikar, og familien flytte mykje rundt i verda. Ho vart fødd i Tokyo og budde sidan i Canada, New York, Oslo og Trondheim.

Mor hennar var bokhandlaren Janna Ullmann (fødd Erbe Lund; 1910–1996), som også var norsk.[1] Storesystera Janna Erika Ullmann var fødd i september 1936.[2] Familien hadde flytta frå Trondheim til Tokyo i mai 1937, då faren fekk tilbod om arbeid der.[2] Etter okkupasjonen av Noreg i 1940 drog familien til utposten Little Norway i Toronto i Canada, der faren arbeidde i den norske luftstyrken under andre verdskrigen.[1] I juni 1945 døydde han av hjernesvulst, som han fekk etter krigsskader i 1943.[3][2] Ullmann har sagt at dødsfallet til faren forma henne som skodespelar, og ho fekk oppfattinga av at alle menn var som han.[4]

Mora drog heim til Trondheim med døtrene sine hausten 1945, og dei blei elevar ved Singsaker skule.[2] Sjølv om Ullmann var sjenert likte ho teater, og som elleveåring fekk ho ei rolle i ei barneførestilling ved Trøndelag Teater.[1] Ho avslutta skulegangen då ho var midt i gymnaset i 1955 for å dra til London, der ho kunne læra språk og teaterkunst. Rundt eit halvt år seinare var ho på opptaksprøve for Statens teaterhøgskole (då kjend som Statens Teaterskole), men kom ikkje inn. Ho fekk seinare gratistimar med den norske skodespelaren Tore Foss, og spelte ei lita rolle i Sjarmøren av Finn Bø ved Det Nye Teater.

Karriere

Ullmann debuterte som skodespelar på Rogaland Teater i 1957, som Anne Frank.[5][6] Ho fekk det norske filmgjennombrotet sitt i komedien Fjols til fjells, regisserte av Edith Carlmar, i 1957. Ho hadde si første filmhovudrolle i Ung flukt av Carlmar frå 1959. På 1960-talet fekk ho flere filmroller, mellom anna i Tonny (1962) og Pan (1962). Ho spelte også i teateroppsetjingar som Hamlet, Kransen, Peer Gynt, Brand, Kongs-Emnerne, Et dukkehjem, Rosmersholm og Faust. Ullmann var også aktiv i Fjernsynsteatret.

Gjennombruddet utealands kom med Jan Troell sin dramafilm Utvandrerne i 1971, og Ullmann har sjølv erklært rolla som eit høgdepunkt i karrieren. Ho vanm ein Golden Globe-pris og blei nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolletolkinga. Samarbeidet med den svenske filmregissøren Ingmar Bergman blei også viktig for Ullmann sitt liv og karriere. Tilhøvet til Bergman utvikla seg både profesjonelt og personleg. Ho hadde leiande roller i ei rekkje av filmane hans, og dei fekk ei dotter saman, forfattaren Linn Ullmann. Ullmann spelte i ti Bergman-filmar i løpet av åra 1966 til 2003, mellom anna Persona (1966), En pasjon (1969), Hviskninger og rop (1972), Ansikt til ansikt (1976), Ormens egg (1977) og Høstsonaten (1978), og i TV-serien Scener fra et ekteskap (1972). Ullmann har også spelt på Broadway, og blei nominert til to tonyprisar for stykka Et dukkehjem (1975) og Anna Christie (1977).

I 1992 debuterte ho som regissør med filmen Sofie.

Privatliv

Ho var gift med Hans Jakob Stang frå 1960 til 1965. Ho fekk dottera Linn Ullmann med Ingmar Bergman i 1966. Ho vart gift med Donald Saunders i 1985.

Ho bur i Boston (i USA) i 2017.[7]

Prisar og utmerkingar

Verkliste

Som skodespelar

  • 1957 - Fjols til fjells
  • 1959 - Ung Flukt
  • 1962 - Tonny
  • 1966 - Persona
  • 1968 - Skammen
  • 1969 - An-Magritt
  • 1971 - Utvandrerne
- Et dukkehjem (Radioteater)
  • 1972 - Nybyggerne
  • 1973 - Scener fra et ekteskap
  • 1977 - A Bridge Too Far
  • 1978 - Høstsonaten
  • 1994 - Drømspel
  • 1994 - Zorn
  • 2003 - Sarabande

Som manusforfattar

Som regissør

  • 1992 - Sofie
  • 1995 - Kristin Lavransdatter
  • 1995 - Lumière et compagnie
  • 1998 - Enskilda samtal
  • 2000 - Trolösa
  • 2014 - Miss Julie

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.