Operasongar er ein songar som er trent til å framføra opera.

Thumb
Operasongarane Darija Olajoš Čizmić (sopran) og Jelena Končar (mezzo) under ei oppføring av Lucia di Lammermoor av Gaetano Donizetti.
Thumb
Ildebrando D’Arcangelo (bassbaryton) som Don Giovanni i Don Giovanni

Stemmene og rollene i ein opera blir delte inn etter stemmetype. Hovudtypane er bass, tenor, alt og sopran, men det finst fleire forskellige stemmetypar innanfor desse gruppene. Stemma til ein operasongar kan også endra seg dramatisk i løpet av karrieren deira.

Blant mannlege songarar skil ein mellom bass (den djupaste), bassbaryton, baryton og tenor med det høgaste registeret. I barokk-operaer nyttar ein også kontratenorar, som er mannlege songarar som syng i falsett og dermed får liknande høgd som ei kvinnestemme.

Songstemmene til kvinner blir delte inn i alt, mezzosopran og sopran. I operasamanheng finst det berre sjeldan eigentlege alt-parti, medan det stort sett alltid er parti til sopranar og ofte også til mezzosopranar.

Operasangarane og rollene (partia) i ein opera blir ofte omtalte med nemningar som:

  • Buffotenor, -bass eller -alt – roller i komiske operaer (opera buffa)
  • Dramatisk sopran, alt eller tenor – ein songar med ein fyldig, dramatisk klang
  • Heltetenor eller -baryton
  • Karaktertenor, -baryton eller -bass
  • Kavalerbaryton
  • Koloratursopran – særs høg sopran som kan utføra koloratur
  • Lyrisk sopran eller tenor – ein songar med ein lys klang
  • Seriøs bass

Stemmefag

Gjennom tidene har det utvikla seg ulike «typar» innanfor repertoaret som har nokre fellestrekk, og det har danna grunnlaget for inndelinga. Bruken av «fag» gjer det enklare å finne dei rette songarane til rollene i ei framsyning.

Stemmefaga er:

  • Soubrette
  • Lyrisk koloratursopran
  • Lyrisk sopran
  • Dramatisk koloratursopran
  • Lyrisk-dramatisk (ungdommeleg) sopran
  • Dramatisk sopran
  • Svært dramatisk sopran
  • Lyrisk mezzo-sopran/spele-alt
  • Dramatisk mezzo-sopran
  • Dramatisk alt/djup alt
  • Lyrisk tenor
  • Spille-tenor
  • Italiensk tenor
  • Ungdommeleg helte-tenor
  • Helte-tenor
  • Lyrisk bariton
  • Kavalier-baryton
  • Heltebaryton/høg bass
  • Spele-bass
  • Bassbaryton
  • Seriøs bass/djup bass

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Operasongar

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.