Nærøyfjorden
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nærøyfjorden er ein fjord i Aurland kommune i Vestland. Nærøyfjorden er omkring 18 kilometer lang og er ein arm av Aurlandsfjorden som igjen er ein arm av Sognefjorden. Inst i Nærøyfjorden ligg Gudvangen. Andre busetnader langs fjorden er Bakka, Styvi og Dyrdal. Nærøyfjorden kom 14. juli 2005 på UNESCO si verdsarvliste og utgjer ein del av Nærøyfjorden landskapsvernområde, oppretta i 2002.
Fjorden har innløp mellom Nærnes i nord og Beitelen i sør. Aust for Beitelen held Aurlandsfjorden fram søraustover til Aurlandsvangen og Flåm. Fjorden har særs bratte og høge fjell, enkelte av dei strekkjer seg 1300-1500 meter nesten rett til vêrs. Innimellom går det bratte dalar ned til fjorden og her ligg små grender og gardar. På veg innover i fjorden er den første av desse Arnehus og Dyrdal på nordsida. Litt vestom Dyrdal ligg høgdegarden Drægo på kring 400 moh. Litt lenger inn i fjorden ligg Styvi på andre sida. Frå Styvi går det ein gammal postveg innover fjorden til Bleiklindi som ligg på høgd med Bakka. Innom Styvi smalnar fjorden inn og på det smalaste er han ikkje meir enn 250 meter brei. Han vert også grunn, noko som fører til at inste delen av fjorden ofte frys til om vinteren. På den smalaste delen av fjorden er det 8 knops fartsgrense for større båtar. Dette fordi bylgjene frå båttrafikken tærer på kulturminna nær sjøen, særleg på den oppmurde postvegen mellom Styvi og Bleiklindi.[1]
Litt over fem km frå fjordbotn ligg garden Tufto på vestsida av fjorden. Frå her og inn til Gudvangen går det bilveg (Fv251) langsmed fjorden. Rett sør for Tufto ligg grenda Bakka.
Inst i fjorden ligg Gudvangen der Nærøydalselvi munnar ut i fjorden. Derfrå er det vegsamband til Bergen og Austlandet på Europaveg 16.
Fram til Lærdalstunnelen opna i 2000 gjekk det ferje i heilårsrute mellom Gudvangen og Lærdal, men sidan er det skore slik at det no berre er i turistsesongen det går ferje, og dei veglause gardane utom Tufto har såleis fått eit dårlegare samband det meste av året.
Det er registrert 20 pattedyrartar og kring 50 fugleartar ved Nærøyfjorden. Dei siste tiåra har det vore mykje kobbe i fjorden.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.