![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/10/Nyl%25C3%25A6nde%252C_vignett%252C_1901.svg/langnn-640px-Nyl%25C3%25A6nde%252C_vignett%252C_1901.svg.png&w=640&q=50)
Nylænde
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nylænde: tidsskrift for kvindernes sak var det fyrste kvinnesaktidsskriftet i Noreg og blei gjeve ut av Norsk Kvinnesaksforening (NKF) mellom 1887 og 1927 med Gina Krog og Fredrikke Mørck som redaktørar. Tidsskriftet var det leiande organet i kampen for røysterett for kvinner, og var eit av dei mest innverknadsrike politiske og kulturelle tidsskrifta i Noreg.[2] Tidsskriftet var òg eit leiande organ for litteraturkritikk; Marius Wulfsberg ved Nasjonalbiblioteket uttalte at «det var Gina Krog og hennes anmeldere [i Nylænde] som gjorde Ibsen til en stor forfatter».[3] Ordet «nylænde» tyder 'nytt lende' eller 'nytt terreng'. Frå 1901 hadde tidsskriftet ei solsikke som logo, eit symbol som sidan 1860-åra hadde vore det dominerande symbolet for den liberale kvinnesakrørsla og røysterettsrørsla i USA.
Nylænde | |||
![]() | |||
Type | Tidsskrift, periodikum[1] | ||
---|---|---|---|
Grunnlagd | 1887, 1885'"`Uniq--ref-00000001-qinu`"' | ||
Nedlagd | 1927 | ||
Utgjevar | Norsk Kvinnesaksforening, Gina Krog | ||
Redaktør(ar) | Gina Krog (1887– 1916), Fredrikke Mørck (1916– 1927) | ||
Språk | Norsk[1] | ||
Nettstad | https://www.kvinnesakshistorie.no/nylaende/ (norsk) |