From Wikipedia, the free encyclopedia
Fredrikke Andrea Møllerup Mørck (9. november 1861–14. oktober 1934) var ei norsk kvinnesakskvinne, fødd og død i Trondheim.
Fredrikke Mørck | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. november 1861 Trondheim |
Død |
14. oktober 1934 (72 år) |
Yrke | politikar, redaktør, stemmerettsforkjempar |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Mørck var dotter til ein tollar. Ho tok lærarskuleeksamen i 1880 og arbeidde som guverante, lærar og skulestyrar ved ulike skular i hovudstaden fram til 1910. Ho skipa i 1900 Høiere Skolers Lærerindeforening og i tillegg eit engasjementskontor for lærarinner i høgre skular. Ho var leiar for Norsk Kvinnesaksforening frå 1926 til 1930.[1][2][3]
Mørck var med å redigere det store verket Norske kvinder, en oversigt over deres stilling og livsvilkaar i hundreaaret 1814-1914, som kom ut i 1914. Til liks med meiningsfellen Gina Krog ynskte Mørck snøgge endringar og var derfor aktiv i Landskvindestemmeretsforeningen. I 1916 tok Mørck over redaktørstolen i kvinnesakstidsskriftet Nylænde etter Krog, og var redaktør i tidsskriftet til 1927. Ho representerte Noreg på mange internasjonale kongressar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.