Normandia
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Normandia Municipio de Normandia | |||
Caracaranã-sjøen i Raposa Serra do Sol | |||
|
|||
Land | Brasil | ||
---|---|---|---|
Stat | Roraima | ||
Region | Norte | ||
Areal | 5 687 km² | ||
Folketal | 9 754 | ||
Grunnlagd | 9. juli 1890 | ||
Tidssone | UTC-4 | ||
Normandia 3.8808333333333°N 59.622777777778°W | |||
Kart som viser Normandia.
| |||
Wikimedia Commons: Normandia (Roraima) | |||
Normandia er ein kommune i delstaten Roraima i nordregionen av Brasil. Kommunen har ei flatevidd på 6966,81 km² og eit folketal på 9754.[1][2] 98,6 % av landområdet høyrer til urfolksreservatet Raposa Serra do Sol.[1] Resten av arealet omfattar administrasjonssenteret tett ved grensa mellom Brasil og Guyana.[1]
Normandia har namn etter Normandie i Frankrike. Han blei folkesett av ei gruppe fangar som hadde flykta frå Djeveløya i Fransk Guiana. Ein av dei, Henri Charrière, blei kjend for boka Papillon om desse opplevingane. Medan Charrière forlét øya etter 4-5 år, blei andre flyktningar verande permanent i busettinga. Kommunen Normandia (Municipio de Normandia) blei formelt skipa i juli 1982 av land skild ut frå delstatshovudstaden Boa Vista.[3][4][5]
Økologisk ligg Normandia i ei randsone mellom to økoregionar - den tropiske regnskogen i Amazonas og dei savanneaktige grasslettene cerrado. Overgangsområdet er lokalt kjend som lavrado. Lavradoen er relativt tørr samanlikna med regnskogsområdet, med eit årleg regnfall på mellom 1100 og 1400 cm.[1][2][6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.