![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3a/Norway_Supreme_Court_entrance.jpg/640px-Norway_Supreme_Court_entrance.jpg&w=640&q=50)
Noregs Høgsterett
From Wikipedia, the free encyclopedia
Noregs Høgsterett er øvste domstolen i det norske rettssystemet, og har heile Noreg som sitt verkeområde.
Artikkelen inngår i serien om |
Alminnelige domstoler |
Særdomstoler |
Skjønnsretten |
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3a/Norway_Supreme_Court_entrance.jpg/640px-Norway_Supreme_Court_entrance.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1c/H%C3%B8yesteretts_segl.svg/640px-H%C3%B8yesteretts_segl.svg.png)
Høgsterett held til i Høgsteretts hus (den gamle Justisbygningen) i Oslo. Ein høgsterettsjustitiarius leier domstolen, som i tillegg har hatt 18 høgsterettsdommarar. I 2010 vart talet auka til 19, grunngjeve med stor arbeidsbyrde. I kvar enkelt sak blir retten sett med fem dommarar. Viktige saker blir behandla i storkammer, medan særs viktige saker kan behandlast i plenum der alle dommarar som ikkje har tenestefri eller er inhabile tek del.
Høgsterett blei oppretta 1815 etter heimel i Grunnloven sin § 88, som seier at «Høiesteret dømmer i sidste Instans», eller i moderne nynorsk språkdrakt «Høgsterett dømmer i siste instans».[1] Noverande høgsterettsjustitiarius er Toril Marie Øie.