From Wikipedia, the free encyclopedia
Nokdim (hebraisk skrift נוֹקְדִים, tyder Gjetarar) er ein fellesbusetnad og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda, sør for Betlehem og nord i Judeafjella. Det er eit blanda samfunn av sekulære og religiøse innbyggjarar, både innfødde israelarar og immigrantar med eit folketal på 1 308 (2009). Han er underlagt Gush Etzion regionale kommune.[1]
Nokdim | |||
נוֹקְדִים | |||
landsby | |||
Land | Vestbreidda | ||
---|---|---|---|
Region | Vestbreidda | ||
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Gush Etzion | ||
Koordinatar | 31°38′38″N 35°14′41″E | ||
Folketal | 1 308 (2009) | ||
Grunnlagd | 1982 | ||
Nokdim 31.643888888889°N 35.244722222222°E | |||
Kart som viser Nokdim.
| |||
Wikimedia Commons: Nokdim | |||
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]
Nokdim vart grunnlagd den 5. juli 1982 av innbyggjarar frå Tekoa. Busetjinga heitte opphavleg El-David til minne om to innbyggjarar frå Tekoa - Eli Pressman, ein immigrant frå Frankrike som vart drepen i den libanesiske krigen i 1982, og David Rosenfeld, som styrte turiststaden ved Herodium og som vart myrda i juli 1982 av to av sine palestinske tilsette. Namnet vart avvist av styresmaktene som føreslo Nokdim. Dette vart godteke av innbyggjarane.[3]
Namnet er henta frå bibelverset Amos 1:1, fordi Amos var blant gjetarane i Tekoa.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.