From Wikipedia, the free encyclopedia
«No Matter What» er ein song av Badfinger for albumet deira No Dice i 1970, skriven og sungen av Pete Ham og produsert av Mal Evans.
No Matter What Singel av Badfinger frå albumet No Dice | ||
B-side |
«Better Days» (Storbritannia) | |
---|---|---|
Utgjeve | 6. november 1970 | |
Innspelt | April 1970 | |
Sjanger | Powerpop[1][2] | |
Lengd | 2:57 | |
Selskap | Apple | |
Låtskrivar(ar) | Pete Ham | |
Produsent | Mal Evans | |
Badfinger-kronologi | ||
«Come and Get It» (1969) |
No Matter What | «Day After Day» (1971)
|
No Matter What Singel av Def Leppard frå albumet Yeah! | ||
Utgjeve | 2005 | |
Sjanger | Hardrock | |
Selskap | Bludgeon Riffola - Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Pete Ham | |
---|---|---|
Def Leppard-kronologi | ||
«Four Letter Word» (2003) |
No Matter What | «Rock On» (2006)
|
Demoversjonen av «No Matter What» vart opphavleg spelt inn av Ham på akustisk gitar og framført med ein mambo-rytme. Ein meir rocka versjon vart spelt inn av Badfinger i mars 1970 og produsert av Mal Evans. Songen vart spelt inn av bandet igjen i april 1970 i Abbey Road Studios og det var denne versjonen som kom ut på albumet og på singelen.
Songen har ein falsk slutt etter det siste refrenget. Etter ein kort pause vert den siste linja repetert to gonger før den siste akkorden kjem.
I USA vart singelen gjeven ut med B-sida «Carry On Till Tomorrow», som var kjenningsmelodien for filmen The Magic Christian. Dette var ei redigert utgåve av versjonen som var på Magic Christian Music. I alle andre land kom singelen ut med B-sida «Better Days» frå No Dice.
Songen var den første for Badfinger på den britiske topp ti-lista med ein song dei hadde skrive sjølv. Songen nådde femteplassen der i januar 1971. I USA nådde songen åttandeplassen på Billboard Hot 100.[3] I Sør-Afrika gjekk songen heilt til topps på albumlista.
Vekeslister
|
Årslister
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.