New Plymouth
From Wikipedia, the free encyclopedia
New Plymouth er den største byen i regionen Taranaki på vestkysten av Nordøya på New Zealand. Han har fått namn etter byen Plymouth i Devon i Sørvest-England, der dei første engelske nybyggjarane kom frå.
New Plymouth | |||
by | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Taranaki | ||
Areal | 2 324,26 km² | ||
Folketal | 57 600 (30. juni 2020)[1] | ||
New Plymouth 39.057777777778°S 174.07416666667°E / -39.057777777778; 174.07416666667 | |||
Wikimedia Commons: New Plymouth | |||
New Plymouth District omfattar New Plymouth City og fleire mindre byar. New Plymouth District er det 15. største (av 73) på New Zealand, og har 1,7% av innbyggjarane i landet[2].
New Plymouth District har eit innbyggjartal på 68 901 - nesten to tredjedelar av den totale populasjonen i Taranakiregionen. Av desse reknar 9 369 seg som māoriar. Dette omfattar New Plymouth City (45 228), Waitara (6 288), Inglewood (3 090), Oakura (1 359), Okato (531) og Urenui (429 innbyggjarar) [3].
Byen er eit tenestesenter for dei viktigaste næringane i regionen, av desse eit utstrekt jordbruk, for det meste mjølkeproduksjon, så vel som olje, naturgass og petrokjemisk utvinning og produksjon. Han er òg det finansielle senteret i regionen, og setet for TSB Bank (tidlegare Taranaki Savings Bank), den einaste ikkje-statlege banken på New Zealand.
Kjennemerke i byen er botaniske hagar, til dømes Pukekura Park, den sju km lange kystpromenaden langs Tasmanhavet, det 45 m høge kunstverket, kjent som Wind Wand, laga av Len Lye, og utsikta mot Mount Taranaki (også kalla Mount Egmont).
Byen er òg kjend for å vera ein kystby berre ein halv times biltur frå fjellet, der innbyggjarar og gjester kan stå på snøbrett og ski, vasski og surfa, alt på same dagen.