![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/95/Snowboard-Negative0-05-3A%25281%2529.jpg/640px-Snowboard-Negative0-05-3A%25281%2529.jpg&w=640&q=50)
Snøbrett
From Wikipedia, the free encyclopedia
Snøbrett, etter engelsk snowboard, er ein vinteridrett med opphav i bølgjesurfing. Med ei rundt halvannan meter lang, 30 cm brei plate festa til føtene, renn ein ned bakkar utan stavar. Ein kan tevla om å gjera dette så raskt eller så imponerande som mogleg, men som med dei andre vinteridrettane driv mange med snøbrettkøyring fordi det er morosamt.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/95/Snowboard-Negative0-05-3A%281%29.jpg/640px-Snowboard-Negative0-05-3A%281%29.jpg)
![Snøbrett](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/28/White-Snowboard-With-Bindings.jpg/320px-White-Snowboard-With-Bindings.jpg)
Snøbrett eignar seg godt til å køyra i laussnø utanfor hovudbakken. Bretta er lettare å styra i laussnø enn to ski, og breidda på brettet gjer at den som køyrer ikkje søkk så djupt. Ein køyrer ofte òg snøbrett i særskilde bakkar med hopp, rekkverk, benker og halfpipe der ein kan gjera ulike triks.