From Wikipedia, the free encyclopedia
Nenetsia[lower-alpha 1] er eit autonomt område (okrug) langs kysten av Ishavet i Nordaust-Europa i Russland. Det høyrer under Arkhangelsk oblast men er samstundes eit eige føderasjonssubjekt i den Russiske Føderasjonen. Det blir avgrensa i vest av Kvitsjøen, i nord av Barentshavet, i nordaust av Karahavet, i aust av Jamalo-Nenetsk, i sør av Republikken Komi, og i vest av Arkhangelsk oblast. I tillegg til fastlandsområdet høyrer øyane Kolgujev og Vajgatsj til Nenetsia. Karaporten skil Vajgatsj frå Novaja Zemlja, som høyrer til Arkhangelsk oblast.
Nenetsia | |||
Ненеция | |||
sjølvstyrt område | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Region | Nordlege | ||
Del av | Den nordvestlige føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Narjan-Mar | ||
Areal | 176 700 km² | ||
Folketal | 44 389 (2021)[1] | ||
Språk | russisk, nenetsisk | ||
Tidssone | UTC +3 (MSK) | ||
Bilnummer | 83 | ||
Nenetsia 68.833333333333°N 54.833333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Nenetsia | |||
Landskapet er stort sett flatt. Dei største høgdedraga er Uralfjella i aust og den 300-400 meter høge Timan-ryggen i vest. Over 75 % av Nenetsia er tundra, berre heilt i sør er det skog. Viktige dyr er rein, fjellrev, rev, isbjørn, sel og kvalross. Den største elva er Petsjora, 220 km av ho er på Nenetsia sitt område. I tillegg er det mange mindre sjøar og elvar. Klimaet er arktisk. Årsnedbøren varierer mellom 280 og 420 mm.
Månad | Temperatur °C |
---|---|
januar | -12 |
februar | -12 |
mars | -8 |
april | -1 |
mai | +6 |
juni | +12 |
juli | +15 |
august | +13 |
september | +8 |
oktober | +1 |
november | -5 |
desember | -10 |
Nenetsia sitt folketal er 42 090 (2010), og folketettleiken er 0,24 per km². Etter Sovjetunionen sitt samanbrot har folketalet gått noko ned. I 2010 fordelte Nenetsia sitt folketal seg på ulike etniske grupper slik: Russarar 63,3 % (26 648), nenetsar 17,8 % (7504), komiar 8,6 % (3623), ukrainarar 2,3 % (987). I tillegg var det 4,3 % av folkesetnaden som ikkje oppgav etnisk bakgrunn.[2] Den slaviske delen av folket bur hovudsakleg i Narjan-Mar og dei andre tettstadene, nenetsane bur for det meste i landsbyane og på tundraen. Største delen av nenetsane snakkar det uralske språket nenetsisk, som er offisielt språk attmed russisk.
Den einaste byen er Narjan-Mar (nenetsisk for «Raudbyen»), der det bur 21 700 menneske (2010). Andre tettstader er Iskatelej (6881) ikkje langt unna Narjan-Mar og Amderma (600 innb. i 2002) i nordaust. Omtrent 68 % bur i tettstader.[2]
Administrativt høyrde Nenetsia under Arkhangelsk oblast, men etter oppløysinga av Sovjetunionen vart Nenetsia eint eige føderasjonssubjekt i Russland, på line med Arkhangelsk. Nenetsia er delt inn i ein bykommune, to tettstadkommunar og 17 landsbykommunar (район, rajon), med i alt 43 landsbyar. Kommunane blir styrt av eit representantskap (Sobranije deputatov). Kvar kommune vel ordførar og representantskap i regionale val.
Nenetsia består av fylgjande selsovjet:
Nenetsia sin økonomi er grunnlagt på reindrift, olje og gass, og fiske. I tillegg er det ein del pelsdyrjakt og -avl, seljakt, og næringslivs- og treforedlingsindustri. Jordbruket produserer meieriprodukt, potetar og drivhusgrønsaker. Dei viktigaste olje- og gassfelta er i dei austre delane av området, i Timan-Petsjora. Narjan-Mar er ikkje vegfast med omverda, dei viktigaste transportvegane er via luft og vatn, ikkje minst langs Petsjora. Dei viktigaste hamnene er i Narjan-Mar og Amderma.
Nenetsia vart ein del av Russland på slutten av 1400-talet. Ved munningen av Petsjora, ved breidda av Pusto-sjøen vart byen Pustozersk, på komi Sar-dor) grunnlagt i 1499, denne byen miste den militære og kommersielle rolla si på slutten av 1700-talet. Til byen flytte det i laupet av hundreåra både russarar og komiar.
Den samojediske nasjonale krinsen (край) vart skipa i 1929, som eit resultat av Stalin sin nasjonalitetspolitikk. Narjan-Mar vart administrativt senter i 1932. Krinsen vart endra til "område" (округ), dvs. fekk ein høgare status, i 1977.
Nenetsane var nomadar som levde av reindrift, jakt og fiske. På 1930-talet vart dei kollektivisert inn i reindrifts- og fiske-kolkhosar, og russarane og komiane vart kollektivisert til fiske- og landbrukskolkhosar. Nokre av nenetsane busette seg på 1930-1950-talet i landsbyar rundt dei nyoppstarta kolkhosa, og levde som fiskarar og jegerar for kolkhosa. På 1960-talet vart det starta ein aktiv politikk for å gjere reindriftsnomadane bufaste, familiane vart busette i landsbyar, medan berre mennene var på tundraen og dreiv med rein. Denne politikken var berre delvis vellukka, for òg i dag er det mange nenetsiske samfunn som lever på tundraen, som nomadar.
På 1920-talet vart det oppretta eigne skoleinternat for nomadeungane. Undervisninga har vore på russisk, med eit par timar i veka på nenetsisk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.