tysk skribent og poet From Wikipedia, the free encyclopedia
Nelly Sachs (fødd Leonie Sachs, 10. desember 1891–12. mai 1970) var ein tysk lyrikar og forfattar av jødisk avstamming.
Nelly Sachs | |
Statsborgarskap | Tyskland, Sverige |
Fødd | 10. desember 1891 Schöneberg, Berlin |
Død |
12. mai 1970 (78 år) |
Yrke | lyrikar, skodespelforfattar, omsetjar, skribent |
Medlem av | Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung, Bayerische Akademie der Schönen Künste |
Religion | Jødedommen |
Nelly Sachs på Commons |
I 1966 fekk ho og israelaren Samuel Josef Agnon Nobelprisen i litteratur; ho «för hennes framstående lyriska och dramatiska diktning, som med gripande styrka tolkar Israels öde.»[1][2]
Sachs var fødd i Schöneberg i Berlin. Ho var det einaste barnet til Margarete Karger og oppfinnaren og fabrikanten William Sachs, og ho voks opp i eit kultivert, storborgarleg miljø. Som 15-åring blei ho så fascinert av debutromanen til Selma Lagerlöf, Gösta Berlings saga, at ho tok initiativet til ein korrespondanse som varde i over 35 år. Sachs skreiv sine første dikt 17 år gamal, og med hjelp av den austerrikske forfattaren Stefan Zweig fekk ho i 1921 gjeve ut si første diktsamling, Legenden und Erzählungen. Desse tidlege, melankolsk farga dikta er påverka av neoromantikken og med motiv som krinsar rundt natur og musikk. Ho tok ikkje med desse dikta då ho seinare gav ut sine samla verk.
Nelly Sachs levde eit tilbaketrekt liv saman med foreldra – faren døydde i 1930 – og tok lite del i samfunnslivet, noko som òg var naudsynt for jødar i 1930-talets Tyskland. Gestapo tok henne gjentekne gonger inn til forhøyr og folk frå SA plyndra huset deira. Familien var assimilerte jødar, men hendingane gjorde at ho blei meir medviten om sitt jødiske opphav. I byrjinga av krigen tok ho til å lese Erzählungen der Chassidim av Martin Buber og der ho fann att kjent mystisk tankegods, noko som gav henne styrke.
Saman med mora flykta ho til Stockholm i mai 1940; det var i aller siste liten då det allereie var gjeve ordre om transport til ein konsentrasjonsleir. I Sverige levde dei to i fattigslege omstende, Sachs tok til tider vaskejobbar, og ho og mora budde i ein eitroms leigebustad. Sachs tok til å lære svensk og omsette svensk lyrikk til tysk. Samstundes utvikla ho sin eigen lyrikk vekk frå den tidlegare romantiske stilen. Dikta ho skreiv i 1943-1944 kom ut i samlinga In den Wohnungen des Todes, og desse dikta av smerte og død er ei einaste klage for sitt plaga folk. I 1940 skreiv ho òg skodespela Eli og Abram im Salz.
Etter krigen skreiv Sachs i eit høgemosjonelt, tørt, men like fullt mjukt språk om holocaust-redslane. Dei to samlingane In den Wohnungen des Todes og Sternverdunkelung (1949) kom ut i DDR; korkje i Sveits eller Vest-Tyskland blei ho gjeve ut. Sternverdunkelung kom ut i Amsterdam i 1949 og fekk strålande kritikkar, men blei knapt lesen i den unge forbundsrepublikken. Den finansielle misera heldt fram for Sachs og mora, men dei heldt hovudet over vatnet takk vere oversetjingane.
Mora til Nelly Sachs døydde tidleg på 1950-talet, noko som var eit svært hardt slag, og Sachs budde mange år på mentalinstitusjon. Ho skreiv i desse åra òg, og på slutten av 1950-talet blei ho endeleg kjent over heile det tyske språkområdet. Diktsamlingane Und niemand weiß weiter og Flucht und Verwandlung kom ut i Hamburg, München og Stuttgart i 1957 og 1959 – desse dikta er påverka av fransk surrealisme.
10. desember 1966, på sin 75. fødselsdag, fekk ho (saman med Samuel Joseph Agnon) Nobelprisen i litteratur. Pengane gav ho til naudlidande, halvparten fekk den gamle veninna Gudrun Harlan som hjelpte henne med å flykte til Sverige. Dei siste åra tekte Sachs seg på ny heilt attende frå det offentlege livet. I tillegg til dei psykiske lidingane og enno eit opphald på ein institusjon for mentalt sjuke fekk ho kreft og døydde i mai 1970 på eit sjukehus i Stockholm. Ho er bisett på den jødiske gravplassen på Norra begravningsplatsen i Stockholm.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.