From Wikipedia, the free encyclopedia
Nebo (arabisk جبل نيبو Jabal Nībū; hebraisk skrift הַר נְבוֹ Har Nevo) er ein fjellkam i Jordan, kring 817 meter over havet. Han er nemnt i Bibelen som staden der Moses såg ut over Det lova landet han aldri skulle få kome inn i. Frå toppen har ein flott utsyn mot Israel og Palestina, og i nord ein liten del av Jordanelva. Ein kan som regel sjå byen Jeriko på Vestbreidda frå toppen, og ein kan sjå heilt til Jerusalem på ein klår dag.
Nebo | |||
fjell | |||
Nebo sett frå aust. | |||
Land | Jordan | ||
---|---|---|---|
Høgd | 817 moh. | ||
Koordinatar | 31°46.0′N 35°43.5′E | ||
Nebo 31.767777777778°N 35.725555555556°E | |||
Kart som viser Nebo.
| |||
Wikimedia Commons: Mount Nebo | |||
I følgje det siste kapittelet i Femte mosebok, gjekk Moses til toppen av Nebo for å sjå utover Det lova landet: «Så gjekk Moses frå slettene i Moab opp på Nebo, toppen av Pisga-fjellet, som ligg rett imot Jeriko.»[1]
I følgje kristen tradisjon vart Moses gravlagd på fjellet, men gravstaden hans er ikkje spesifisert. Somme islamske tradisjonar hevdar det same,[2] og somme hevdar Mosesgrava ligg ved Maqam El-Nabi Musa, 11 km sør for Jeriko og 20 km aust for Jerusalem i villmarka i Judea.[3]
I følgje 2 Makkabearboka 2:4–7[4] gøymde profeten Jeremia tabernakelet og Paktkista i ei fjellgrotte der.
På det høgaste punktet på fjellet, Syagha,[5] ligg ruinane av ei kyrkje og eit kloster, som vart oppdaga i 1933.[6] Kyrkja vart bygd på andre halvdel av 300-talet til minne om dødsstaden til Moses. Kyrkja er forma som ein typisk basilika. Ho vart påbygd seint på 400-talet og ombygd i 597. Kyrkja er først nemnd i ei skildring frå ei pilegrimsreise utført av Aetheria i år 394. Det er funne seks graver utskorne i berge under kyrkjegolvet, som er dekt med mosaikk. I koret til det moderne kapellet på staden kan ein sjå restane etter mosaikkgolv frå ulike periodar. Det eldste av desse er eit panel med ein fletta kross som er plassert på austenden av sørveggen.
20. mars 2000 vitja pave Johannes Paul II staden under pilegrimssreisa si til Det heilage landet.[7] Under besøket planta han eit oliventre ved sidan av det bysantinske kapellet, som eit symbol på fred.[8]
Pave Benedikt XVI vitja staden 9. mai 2009.[9]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.