Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia
Nasjonalparkar i Noreg omfattar dei 47 nasjonalparkane i Noreg, derav 40 i fastlands-Noreg og 7 på Svalbard.[1]
I Noreg blir nasjonalpark rekna som ei middels streng form for områdevern. Eit svakare vern er landskapsvernområde, medan det strengaste vernet er naturreservat. I motsetnad til landskapsvernområde og naturreservat, dekker nasjonalparkar som regel eit stort område. Ifølgje naturvernlova skal ein nasjonalpark hovudsakleg bestå av statsgrunn.[2]
Noregs fyrste nasjonalpark var Rondane nasjonalpark, som vart oppretta i 1962. Per august 2013 har fastlands-Noreg 37 nasjonalparkar med eit samla areal på 25 000 km², medan Svalbard har 7 nasjonalparkar på til saman 14 500 km². Dimed er 7 % av det norske fastlandet og 24 % av Svalbard verna som nasjonalpark. Nasjonalparkane i Noreg består for det aller meste av høgfjellsområde, som har vore utsett for lite menneskeleg aktivitet og som utgjer viktige leveområde for artar som villrein og rovdyr. Fjellbjørk dominerer i skogområda som er verna som nasjonalpark i Noreg, men det er også etablert nasjonalparkar for å verne gamal urørt barskog. Kyst- og sjøområde har vore dårlegare representert, men har hatt ei positiv utvikling dei seinare åra med opprettinga av nasjonalparkar som Ytre Hvaler og Færder.[3]
Dei fyrste initiativa til naturfreding i Noreg kom på 1800-talet og var estetisk motivert, mellom anna med fredinga av Bøkeskogen i Larvik i eit stortingsvedtak i 1884.[4] Ei meir konsekvent haldning til arealfreding for å verne naturen kom fram på årsmøtet til Den Norske Turistforening i 1904][5], og i eit foredrag av professor Johan Nordal Fischer Wille i Det Norske Geografiske Selskab i 1909.[4] Desse initiativa var ein del av mentaliteten som førte til den fyrste lova om naturfreding i 1910. Dei fyrste fredingssakene galdt mindre område, og til dels også punktfreding av namngjevne tre. I 1914 vart føreløparen til Norges Naturvernforbund, Landsforeningen for naturfredning stifta. I 1932 vedtok turistforeininga å «skåne» Børgefjell og syndre del av Hardangervidda for tilrettelegging i eigen regi, og i 1938 vedtok årsmøtet ei oppfordring til å opprette Jotunheimen nasjonalpark, ei sak som hadde støtte frå fleire hald på 1930-talet.
I 1954 vart lov om naturvern etablert. Den gav heimel for freding av naturområde, og på grunnlag av denne heimelen vart Rondane nasjonalpark oppretta i 1962 og Børgefjell nasjonalpark oppretta i 1963. Sjølve omgrepet nasjonalpark vart ikkje innført i lova før naturvernlova vart revidert i 1970. I og med lova frå 1954 vart Statens naturvernråd etablert, og rådet la i 1964 fram ein landsplan for etablering av nasjonalparkar. Forslaget omfatta 16 område[6], på til saman 6300 km². Forslaget vart behandla i kommunalkomiteen på Stortinget i 1967, og komiteen og Stortinget støtta oppretting av 12 av dei 16 områda.[7][8] Det tok 25 år, fram til fredinga av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark i 1989, før 15 av desse framlegga var blitt vedtekne. I løpet av denne tida var også Rago og Reisa freda.
Eit utval leia av Guttorm Hansen la i 1980 fram eit framegg om ei 3–4-dobling av verneområde.[9] Dette vart følgt opp av Miljøverndepartementet i Stortingsmelding nr 68 (1980–81), og av Stortinget i 1981. Departementet gav i 1982 Statens Naturvernråd, under leiing av Olav Gjærevoll, i oppdrag å utarbeide ein ny landsplan for nasjonalparkar. Denne planen vart presentert i 1986.[10] Planen omfatta framlegg om 26 nye nasjonalparkar, 14 landskapsvernområde og 3 større naturreservat. Planforslaget innebar freding av omkring 23 000 km². Denne planen vart lagt fram for Stortinget som Ny landsplan for nasjonalparkar og andre større verneområde i Noreg i 1992[11], og behandla og vedteken av Stortinget i april 1993. Jostedalsbreen nasjonalpark vart oppretta i 1991 med bakgrunn i denne utgreiinga. Etter dette skulle det gå 10 år før Forollhogna vart oppretta i 2001, som «den fyrste av dei nye».[12]
Framlegga i Nasjonalparkplanen omfattar mellom anna følgjande område[13] som enno ikkje er vedtekne: Goatteluobbal i Kautokeino; Lyngsalpane i Troms; Sørdalen-Isdalen i Bardu; Tysfjord Hellemo i Tysfjord, Nordland; Naustdal-Gjengedal i Sogn og Fjordane; og Frafjordheiane i Vest-Agder og Rogaland.
Det har heile tida vore grader av interessekonfliktar mellom verneinteresser og ulike utbyggingsinteresser. I etterkrigstida var det konfliktar mellom ulike nasjonale interesser, ofte vasskraftutbygging mot naturfreding. I dei siste 20–25 åra gjeld motsetningane vanlegvis lokal arealutnytting kontra verneinteresser.[14] Interessemotsetningane har kome tydelegast fram i tilknyting til Hardangervidda nasjonalpark, der heile 54 % av arealet er privat grunn.[15] I den såkalla «Fjellteksten» som vart lagt fram av Bondevikregjeringa i revidert nasjonalbudsjett 15.5.2003 vart det opna for større grad av lokal verdiskaping og kommersiell reiselivsverksemd i nasjonalparkene.[16][17][18]
Namn | Oppretta | Flatevidd km² | På kart |
---|---|---|---|
Sør-Spitsbergen nasjonalpark | 1973 | 13 177 | 1 |
Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark | 1973 | 9 870 | 7 |
Forlandet nasjonalpark | 1973 | 4 627 | 5 |
Nordre Isfjorden nasjonalpark | 2003 | 2 952 | 4 |
Indre Wijdefjorden nasjonalpark | 2003 | 1 127 | 6 |
Nordenskiöld Land nasjonalpark | 2003 | 1 362 | 2 |
Sassen-Bünsow Land nasjonalpark | 2003 | 1 230 | 3 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.