Nasjonal turistveg (Nasjonal turistvei) er vegar i Noreg som har fått offisiell status som veg der det skal investerast ekstra for å få ein infrastruktur som passar turistnæringa og reisande langs desse vegane. Initiativtakar for prosjektet er Statens Vegvesen og dei presenterer prosjektet som ei ferd i harmoni med det ytre landskapet og eins eige indre.
Satsinga på nasjonale turistvegar vart vedteke av Stortinget i 2001.
Målsettinga er å tilby vegfarande bilturistar 18 nasjonale turistvegar med ei samla lengd på ca. 1800 km innan 2015. Denne særskilde turistattraksjonen skal stimulere vegfarande turistar til å nytte Noreg som sitt feriemål og gjennom det styrke næringsgrunnlaget. Godkjende strekningar vil bli profilert med ein eigen logo (turistvegsymbolet).
I 2012 fekk turistvegane arkitekturmagasinet Topos sin spesialpris for arkitekturen som blir brukt på kafébygg og utkikksposter.[1][2]
For å oppnå dette må det gjerast store investeringar for å få løfta vegane opp på det naudsynte nivået. Dette omfattar:
Standard og tryggleik på sjølve vegen
Rasteplassar av god kvalitet på rett stad
Utsiktspunkt som er tilrettelagt
Informasjon
Serverings- og overnattingshøve
Aktivitetstilbod og opplevingar utover sjølve køyreturen
18 veisystem har blitt klassifisert som Nasjonal turistveg.[3] Alle 18 strekningar er per 2012 merka med symbolet for nasjonale turistveger. Ein del arbeid på nokre strekninger skal utførast fram mot år 2020.[4]