Nahliel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nahliel (hebraisk skrift נַחֲלִיאֵל) er ein haredisk, israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg nær dei palestinske landsbyane Beitillu og Deir 'Ammar,[2] og kring 20 km frå Modi'in og høyrer til Mateh Binyamin regionale kommune. I 2006 hadde han 278 innbyggjarar. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.[3]
Nahliel | |||
landsby | |||
Region | Vestbreidda | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Mateh Binyamin | ||
Koordinatar | 31°58′26.4″N 35°8′24.35″E | ||
Areal | 0,590 km² | ||
Folketal | 725 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 1984 | ||
• Grunnlagd av | Agudat Israel Workers | ||
Tilhøyrsle | Agudat Israel Workers | ||
![]() Nahliel 31.974°N 35.140097222222°E / 31.974; 35.140097222222 | |||
Wikimedia Commons: Nahliel | |||
Busetjinga vart grunnlagd i oktober 1984 av Agudat Israel Workers-rørsla, og vart kalla opp etter den bibelske byen Nahaliel og ei bok av Isaac Breuer, som grunnla Agudat Israel Workers.
Under Al-Aqsa Intifada vart to israelske kvinner overrumpla og skadde av palestinske militante nær Nahliel.[4]
I mars 2005 brukte ei gruppe på 30 til 40 jødiske studentar klubber og steinar til å slå[5] åtte palestinske menn som var tilsette i Nahliel, då dei var på veg inn i busetjinga.[6]