Nahariya (hebraisk נַהֲרִיָּה) er den nordlegaste kystbyen i Israel, med eit estimert folketal på 51 200.[1]

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Nahariya
נַהֲרִיָּה, نهاريّا
by
Thumb
Thumb
Våpenskjold
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 33°00′21″N 35°05′56″E
Areal 10,23 km²
Folketal 51 200  (2009)[1]
Folketettleik 5 005 / km²
Grunnlagd 1935
   Bystatus 1961
Borgarmeister Jacky Sabag
Thumb
Nahariya
33.003611111111°N 35.0925°E / 33.003611111111; 35.0925
Wikimedia Commons: Nahariyya
Lukk

Etymologi

Nahariya er kalla opp etter elva Ga'aton (elv - nahar på hebraisk), som renn gjennom byen.

Historie

Arkeologi

Det vart grave fram ei kyrkje frå bysantinsk tid, tileigna St. Lasarus, i 1970-åra.[2] Ho vart øydelagd i brann, truleg kring den persiske invasjonen i 614.[2]

Thumb
Nahariyastranda

Britisk styre

I åra 1934/35 vart Nahariya grunnlagd som ein jordbrukslandsby av eit selskap leia av agronomen Selig Eugen Soskin (1873-1959), sivilingeniøren Joseph Loewy (1885-1949), finanseksperten Heinrich Cohn (1895-1976) og ingeniøren Simon Reich (1883-1941). Selskapet fekk jord i eit område kjøpt av den arabiske familien Toueini. Jorda vart gjeve til nye tyske jødiske emigrantar som rømde frå nazi-forfølgjingane. Dei første to familiane slo seg ned i Nahariya den 10. februar 1935, som vert rekna som den offisielle grunnleggjingsdatoen til Nahariya.[3] Etter fleire økonomiske problem gjekk innbyggjarane bort frå jordbruk og satsa heller på turisme, basert på den vakre naturen kring byen og strendene. Under [[Palestinamandatet] kom mange britiske offiserar frå Khartoum til Nahariya på ferie.

Staten Israel

Nahariya vart ein utviklingsby i 1950-åra etter at ein nærliggande ma'abara (flyktningleir) vart ein del av byen. Byen vart heimstad til mange jødiske flyktningar frå Nord-Afrika, Midtausten og Europa. I 1990-åra kom òg mange emigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen og Etiopia. Seint i 1990-åra og tidleg i 2000-åra vart det gjort store utbyggingar i Nahariya.

På grunn av den geografiske plasseringa, 10 km ned kysten frå grensa til Libanon, har Nahariya ofte vorte utsett for terroriståtak av palestinske militante, bombekastaråtak og Katyusha-rakettar sidan 1970-åra. Det mest kjende var åtaka i 1974 og 1979.

Under Libanonkrigen i 2006 i juli-august, vart Nahariya råka av fleire hundre Katyusha-rakettar sendte av Hizbollah frå Sør-Libanon. Mange sivile vart då skadde og fem mista livet. Det vart gjort store øydeleggingar på eigedom og fysisk infrastruktur. Det gjekk hardt utover økonomien til Nahariya då to tredjedelar av innbyggjarane i byen måtte evakuerast, medan resten var vekesvis i bomberom.[4]

Venskapsbyar

Nahariya er venskapsby med:

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.