Mørdeig er ein grunndeig ein kan bruka til å laga kaker og paiar. Han er vanlegvis laga av mjøl, sukker, feitt og eventuelt ei smakstilsetjing. Ingrediensane blir hakka eller smuldra saman til ein grynete masse, bunde saman med egg.[1] Førsteleddet «mør» viser truleg til at deigen ikkje er seig og elastisk.[2]

Thumb
Mørdeig i ei skål.

Deigen blir laga ved at ein tek ingrediensane raskt saman, slik at dei ikkje blandar seg heilt. Dette gjer at feittet blir verande for seg i skorpa, og når deigen blir varma opp blir det sloppe ut damp som lagar små rom i deigen og gjer skorpa sprø.[3] Om ein bruker vatn i deigen skal det vera kaldt, og blandast i etter at feittet og mjølet er smuldra saman. Dette gjer at mjølet er dekt av feitt og har mindre sjanse for å utvikla glutenbindingar.[4]

Typar

Pâte à foncer er ein fransk mørdeigstype som inneheld egg. Egg og smør blir blanda med litt sukker og salt før ein tilset mjølet og til slutt kaldt vatn for å halda deigen saman.[5]

  • Pâte brisée liknar pâte à foncer, men er lettare og meir delikat fordi han inneheld meir smør — opptil tre femdelar av delen mjøl. Denne blir som regel laga utan sukker og brukt til å laga sprø skorpe på paiar.[5]
  • Pâte sucrée ('søt mørdeig') inneheld meir sukker, som hindrar glutenbindingar i deigen og gjer at bakverket lett bryt i munnen.
  • Pâte sablée har dei same ingrediensane som pâte sucrée, men smøret blir blanda med smøret og egga til ein krem før mjølet blir folda inn. Dette gjer smøret meir jamnt fordelt, og gjer bakverket tørrare og sprøare, medan dei andre deigane er meir smuldrete. Sablé er ein god deig for søte terter, rich tea-kjeks og sprøyta deigremser, ettersom han held forma betre enn dei andre typane.

Galleri

Sjå òg

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.