Mære kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mære kyrkje er ei steinkyrkje frå mellomalderen, bygd mellom 1150 og 1200 i bygda Mære i Steinkjer kommune i Trøndelag.
Mære kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Stiklestad | ||
Sokn | Mære | ||
Fellesråd | Steinkjer | ||
Lengd | Skip: 19,5 m x 10 m kor: 9 m x 7 m m | ||
Material | stein | ||
Innvigd | 1100-talet | ||
• Endringar | påbygd 1969 | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Altartavle | altartavle frå 1650-åra, Johan Bildschneider | ||
Mære kyrkje 63.9338°N 11.3947°E | |||
Wikimedia Commons: Church of Mære | |||
Tilgang til staden er via Fv258 og Europaveg 6.
Kyrkja ligg heilt ute på vestkanten på Mæreshaugen. Ho er bygd i to omgangar, koret og litt av skipet først og denne delen har ein profilert sokkel som manglar i resten av kyrkjebygget. Samanlikningar av utgravningsplanen for trekyrkja viser at koret av stein er bygd rundt trekyrkja medan denne enno var i bruk. Etter dette vart trekyrkja reven og resten av steinkyrkja bygd. Sikker datering av koret finst ikkje, men det kan ha vore bygd i 1150-60-åra. Kyrkja har hatt eit vesttårn, men det raste saman i 1277 og det vart då sett inn ei dør i veggen. Fundamentet til tårnet vart avdekt i 1966. Kyrkja har hatt både nord og sørportal, men sørportalen vart murt att på 1600-talet.
Kyrkja har eitt skip med ope takverk, med stikkbjelkar med utskorne masker. Dendrokronologiske undersøkingar viser at tømmeret som er brukt i taket er hogge vinteren 1198-99.
Kyrkja har ein del inventar frå mellomalderen. Over korbogen heng ein triumfkross som kan vere frå 1200-talet. Ein Madonna med barnet-statue er oppbevart i Vitenskapsmuseet i Trondheim. Steinaltaret er det opphavlege frå mellomalderen med holrom der det kan ha vore oppbevart relikviar.
Altartavlen er frå 1650-åra , skoren av Johan Bilthugger og måla av Johan Kontrafeier. Ho er barokk. Preikestolen er samtidig med altartavla. Preikestolhimlinga er frå 1630-åra og vart opphavleg lagd til Nidarosdomen. Ein veit ikkje kvifor ho kom til Mære kyrkje.
Det er funne spor av ei stolpekyrkje under kyrkja. Under denne igjen er det spor av to bygningar frå førkristen tid. Det vart funne 19 gullgubbar. Desse vart funne i fyllmassane i dei fire stolpehòla og like under golvet i den første kyrkja.[1]
I 1879 vart 10 myntar overlevert til Videnskabsselskapets Myntkabinett ved Museet for Historie og Arkeologi i Trondheim. Desse myntane kom frå Mære kyrkje.
Under ei arkeologisk utgraving i 1966 vart heile 565 myntar funne. Denne utgravinga vart leia av Hans Emil Lidén frå Riksantikvaren. Det var hovudsakleg norske mellomaldermyntar, men det vart òg funne danske, svenske og tyske myntar frå mellomalder og heilt opp til vår tid.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.