From Wikipedia, the free encyclopedia
Muskovitt, kaliglimmer eller lys glimmer KAl2(AlSi3O10)(F,OH)2, òg kalla kaliglimmer, er ein lys glimmer i glimmergruppa. Muskovitt blir òg kalla kråkesølv, fordi den er eit glinsande, halvvegs gjennomskineleg mineral som dannar blada, tette aggregat. Det er eit mykje utbreidd mineral, og blir utvunne frå pegmatittgangar, tidlegare òg i Noreg. Det blir òg framstilt kunstig. Det blir nytta som elektrisk isolasjonsmateriale.
Muskovitt | |||
Muskovitt med albitt frå Docedalen i Minas Gerais i Brasil (dimensjonar: 6×5.3×3.9 cm) | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Silikatmineral, fylosilikat | ||
Kjemisk formel | KAl2(AlSi3O10)(F,OH)2 | ||
Strunz-klassifisering | 09.EC.15 | ||
Dana-klassifisering | 71.02.02a.01 | ||
Krystallsymmetri | 2/m – prismatisk | ||
Einingscelle | a = 5,199 Å, b = 9,027 Å, c = 20,106 Å, β = 95,78°; Z = 4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Kvit, grå, sølvaktig | ||
Krystallform | Massiv til plateaktig | ||
Krystallsystem | Monoklin (2/m), Romgruppe C 2/m | ||
Tvilling | Vanleg på [310], mindre vanleg på {001} | ||
Kløyv | perfekt på {001} | ||
Brot | Glimmeraktig | ||
Fastleik | Elastisk | ||
Mohs hardleiksskala | 2–2,5 parallell til {001} 4 rettvinkla til {001} | ||
Glans | glasaktig, silkeaktig, perleaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2,76–3 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nα = 1,552–1,576 nβ = 1,582–1,615 nγ = 1,587–1,618 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0,035–0,042 | ||
Pleokroisme | Svak når farga | ||
Dispersjon (spreiing) | r > v svak | ||
Ultrafiolett fluorescens | Ingen | ||
Kjelder | [1][2][3] |
På Mohs hardheitskala er muskovitt 2–2,25 parallelt med [001]-planet, 4 perpendikulært på [001]-planet og ein spesifikk gravitet på 2,76–3. Det kan vere fargelaust eller ha eit skin av grått, brunt, grønt, gult, eller meir sjeldsynt fiolett eller raudt, og kan vere transparent eller translusent. Det er anisotropisk og har ei høg dobbeltbryting. Krystallsystemet er monoklinisk. Den grøne, krom-rike varianten går under namnet fuchsitt; maripositt er òg ein krom-riik type av muskovitt.
Muskovitt er det mest vanlege glimmeret. Ein finn det i granitt, pegmatitt, gneis og glimmerskifer, og som kontakt i metamorfiske bergartar eller som eit sekundærmineral som resultat av endring av topas, feltspat, kyanitt, osv. I pegmatitt opptrer det ofte som svære flak som har kommersiell verdi. Muskovitt er etterspurd som brannhemmande materiale og isolasjonsmateriale og i noko grad som smørjemiddel.
Namnet «muskovitt» kjem av engelsk og det latinske ordet Muskovia, som er eit eldre namn på storfyrstedømmet Moskva, der mineralet skal ha blitt nytta som vindaugsglas.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.