Mohoua er ei lita slekt av tre fugleartar, alle er endemiske for New Zealand. Det latinske slektsnamnet er henta frå anten 'mohuahua' eller 'momohua', begge er maori-namn for arten gulhovudmohua.[1] Alle tre artane viser ei viss grad av kjønnsdimorfisme i høve til storleik, med hannar som dei største.[2] Mohoua-artane er sosiale fuglar, og mest utanfor hekkesesongen, og beitar vanlegvis i grupper. Somme tider kan dei delta i fleirartsflokkar, og dannar då ofte kjernen i slike flokkar.[1] I motsetnad til dei fleste artane innan plystrarfamilien, er sosial organisering og åtferd godt dokumentert for alle tre Mohoua-artane. Samarbeidande hekking har vorte observert blant alle tre artar og er vanleg hos kvithovudmohua og gulhovudmohua.[1] Dei tre artane i denne slekta er dei einaste vertane for gaukearten langhalekoel. Han fungerer som ein reirparasitt på dei, legg eit eiget gaukeegg i reiret. Etter klekking presser gaukeungen ut andre egg eller ungar, gauken lèt soleis arbeid med ruging av egga sine og omsut for ungane sine over til vertsparet av mohuaer.[2]

Kjappe fakta
Mohoua
Thumb
Dei tre artane i slekta
Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Mohouidae
Slekt: Mohoua
Lesson, 1837
Lukk

Mohoua har uklåre taksonomiske relasjonar,[3] etter Clementslista fram til versjon 6.8 medlem av plystrarfamilien, Pachycephalidae, men etter september 2014 i versjon 6.9 er slekta monotypisk i ein ny familie Mohouidae.[4]

Artslista

Mohuaer i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.