Merle Travis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Merle Robert Travis (29. november 1917–20. oktober 1983) var ein USA-amerikansk countrysongar, låtskrivar og gitarist frå Rosewood i Kentucky i USA.[1] Songtekstane hans diskuterte ofte livet og den økonomiske utnyttinga av USA-amerikanske kolgruvearbeidarar. Blant dei mest kjende songane hans finn ein «Sixteen Tons», «Re-Enlistment Blues», «I am a Pilgrim,»[2] og «Dark as a Dungeon». Men det er den unike gitarstilen hans, framleis kalla Travis-klimpring av gitaristar, i tillegg til tolkinga hans av den rike musikktradisjonen frå heimstaden Muhlenberg County i Kentucky, han er mest kjend for i dag. «Travis Picking» er ein synkopert gitarstil, som vert plukka med fingrane og med røter i ragtime der vekslande akkordar og bassnotar vert plukka med med tommelen, medan melodien samstundes vert plukka med peikefingeren. Han vart innlemma i Nashville Songwriters Hall of Fame i 1970 og vart vald inn i Country Music Hall of Fame i 1977.[1]
Merle Travis | |||
| |||
Fødd | 29. november 1917(1917-11-29) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Rosewood i Kentucky i USA | ||
Død | 20. oktober 1983 (65 år) | ||
Dødsstad | Tahlequah i Oklahoma i USA | ||
Fødenamn | Merle Robert Travis | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1936–1983 | ||
Sjanger | Country, Western swing, blues, folkemusikk, gospel, americana | ||
Instrument | Gitar | ||
Plateselskap | King, Capitol, CMH | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
Prisar | Grammy Award |