kommune i Trøndelag fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Melhus er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar til Trondheim kommune i nord, Selbu aust, Midtre Gauldal i sør og til Orkland og Skaun kommunar i vest.
Melhus kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Melhus | ||
Areal | 695 km² | ||
• land | 660 km² | ||
• vatn | 35 km² | ||
Folketal | 17 560 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Jorid Jagtøyen (Sp) | ||
Kommunenr. | 5028 | ||
Melhus kommune 63.166667°N 10.3°E | |||
Kart som viser Melhus kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Melhus | |||
Nettstad: www.melhus.kommune.no | |||
Melhus kommune blei skipa i 1838. Kommunen slik han er i dag blei til 1. januar 1964, da kommunane Horg, Flå, Hølonda og Melhus slo seg saman. Den gamle kommunen Melhus har i ettertid ofte blitt kalla «Nedre Melhus». Namnet kjem av det norrøne gardsnamnet meðalhúsar, «midtgarden».
Kommunen strekkjer seg frå Øysand i nord til Haga bru nord for Støren. Den øvste delen av Gauldalen er stort sett midtpuktet gjennom heile kommunen. I Gauldalen finn vi Gaulvassdraget, som er ei av dei beste lakseelvane i Noreg. På begge sider av Gaula finn vi oppover heile dalen store og gamle jordbruksområde. I tillegg går E6 stort sett langs Gaula heile strekninga gjennom Melhus kommune.
Heilt nord i kommunen finn vi Øysand, og Gaulosen, det store deltaet i Gaulvassdraget. Deltaet er eit av dei få store deltaa i landet som ikkje er utbygd, eller regulert på noko særleg måte. Øysand er også eit av trøndelagregionens største flatmarkområde. Under andre verdskrigen bygde tyskarane opp eit stort militærområde med flyplass her.
I Melhus kommune finn vi elleve skolar, der åtte av desse er barneskolar, to er ungdomsskolar, og ein er ein kombinert 1.-10.-skole.
Melhus prestegjeld høyrde til Gauldal prosti i Nidaros bispedømme. Den norske kyrkja har fire kyrkjelydar (kyrkjesokn) i Melhus prestegjeld (Melhus kommune), og kvar av dei har si kyrkje med kyrkjetenar, organist, klokkar, reinhaldar og kvart sitt sokneråd. Det er Flå, Horg, Hølonda og Melhus kyrkjelydar. I Hølonda kyrkjelyd står også Kolbrandstad stavkyrjke, som er eigd av eit privat lag.
Dei mest kjende bedriftene i kommunen er Lydbokforlaget og Brødrene Flaarønning. Andre bedrifter:
Melhus var åstad for mange viktige hendingar i vikingtida. Det var under grisebingen på garden Rimol i Melhus Håkon Jarl blei drepen av trælen sin, Tormod Kark. Einar Tambarskjelve var frå storgarden Gimsan i Melhus.
Kommunens tusenårsstad er Gimse/Romol/Sagastien, som er eit kjent historisk område med henvising til hendingar skrive i Snorres kongesoger. Området er tilrettelagt med ein sagasti med informasjonstavler.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.