Oddvar Brå
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Oddvar Brå (fødd 16. mars 1951 på Hølonda i Melhus kommune) er ein norsk tidlegare langrennsløpar. Han var i ei årrekkje den dominerande løparen i Noreg, men trefte sjeldan toppforma under dei store meisterskapa. Han var i den norske representasjonstroppen frå og med OL i 1972, men lukkast ikkje med å gå heilt topps før under VM i Oslo i 1982, da han vann 15 km 23. februar og fekk delt gull med Sovjetunionen på den dramatiske stafetten 25. februar, der han i duell med Aleksandr Zavjalov braut staven på siste etappe. I etterkant oppstod det kjente spørsmålet «Kvar var du da Brå braut staven?», og hendinga har nesten vorte eit nasjonalt symbol.
Oddvar Brå | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. mars 1951 (73 år) Hølonda kommune |
Yrke | langrennsløpar, langrennstrener |
Høgd | 183 centimeter |
Oddvar Brå på Commons |
Elles har Brå to OL-sølv og to VM-bronsar frå stafettar. Brås beste individuelle plassering i eit OL er 4. plass på 15 km i Calgary 1988. Oddvar Brå har i alt 16 individuelle NM-titlar i langrenn, fleire enn nokon annan løpar. Åra 1978 og 1979 var han heilt umogleg i NM og vann alle tre individuelle distansane to år på rad. Brås siste internasjonale meisterskap var VM i Lahtis 1989. Han vann også NM på ski i fristil i ein alder av 36 år, noko som også viser for ein stor utøvar han var.
Han var også ein god friidrettsutøvar, og vann NM i terrengløp (20 km) i 1984.
Han fekk Morgenbladets Gullmedalje i 1973, Holmenkollmedaljen i 1975 og Egebergs Ærespris i 1988. Oddvar Brå representerte IL Leik frå Hølonda.
Litteratur
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.