Meksikansk mat
From Wikipedia, the free encyclopedia
Meksikansk mat representerer ein av dei store mattradisjonane i verda. Som så mykje anna i meksikansk kultur er soga om meksikansk mat soga om møtet mellom dei opphavlege, prekolumbiske kulturane og dei spanske conquistadorane. Også seinare har Mexico motteke impulsar utanfrå, til dømes afrikanske, arabiske og søraustasiatiske matskikkar[1] og frå den franske invasjonen i 1860-åra.