![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a8/Mexico.Tacos.01.jpg/640px-Mexico.Tacos.01.jpg&w=640&q=50)
Taco
From Wikipedia, the free encyclopedia
Taco (spansk ’bunt’, ’klosse’) er ein mexicansk måte å ete ulike matretter ved hjelp av eit pannekakeliknade brød av mais- eller kveitemjøl kalla tortilla. I det mexicanske og sentralamerikanske kjøkenet er tortillaen oftast av kvitt maismjøl og vert servert mjuk og varm. Gult, blått eller raudt kan førekome. I tex-mex-kjøkenet vert det ofte nytta tacoskjell av tørka maistortilla gjort på gult maismjøl. Tortillaen vert fylt med kjøt, bønner, salat og sausar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a8/Mexico.Tacos.01.jpg/320px-Mexico.Tacos.01.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3a/NCI_Visuals_Food_Taco.jpg/640px-NCI_Visuals_Food_Taco.jpg)
Foto: Renee Comet
Taco kom til Noreg i 1965.[1] Det kom etter førespurnadar frå amerikanske arbeidarar som arbeidde offshore i Nordsjøen som var busette i Stavanger.[1][2]