From Wikipedia, the free encyclopedia
Meißen eller Meissen (sorbisk Mišno; latinsk Misena, Misnia, Misnensium) er ein by med om lag 30 000 innbyggjarar, 25 km nordvest for Dresden på begge sider av elva Elbe i Sachsen, aust i Tyskland. Meissen er heimstad for Meissenporselen, Albrechtsburg, den gotiske Meissen domkyrkje og Meissen Frauenkirche. Große Kreisstadt er hovudstad i Meißen landkreis.
Meissen | |
---|---|
Albrechtsburg og domkyrkja | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Sachsen Dresden Meißen |
Borgarmeister | Olaf Raschke |
Geografi | |
Flatevidd - By |
30,90 km² |
Innbyggjarar - By (2008) - folketettleik |
27 856 901/km² |
Koordinatar | 51°9′49″N 13°28′39″E |
Høgd over havet | 106 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 01654–01662 |
Telefon-retningsnummer | 03521 |
Bilnummer | MEI |
Heimeside: www.stadt-meissen.de |
Meissen vert stundom kalla «vogga til Sachsen». Byen voks opp frå den tidleg slavisk busetnaden Misni, og vart grunnlagd som ein tysk by av kong Henrik fuglefangar i 929. I 968 vart bispedømet Meissen grunnlagd, og Meissen vart eit bispesete for ein biskop. Det katolske bispedømet vart undertrykt i 1581 etter at bispedømet aksepterte protestantismen under reformasjonen (1559), men vart gjenopppretta i 1921 med sete først i Bautzen og i dag i Katholische Hofkirche i Dresden.
Markgrevskapet Meissen vart òg grunnlagd i 968 med byen som hovudstad for markgreven. Han vart ein kjøpstad i 1000 og vart ein del av kongedømet Polen i 1018 under Boleslaw I den modige. Alt i 1032 gjekk han tilbake til keisar Konrad II og i 1089 til Huset Wettin. Byen var i frontlinja for Ostsiedlung, den tyske koloniseringa av dei slaviske landområda aust for Elbe. I 1332 fekk han tyske byrettar.
Bygginga av domkyrkja i Meissen tok til i 1260 på same åsen som Albrechtsburg ligg. Plassmangel førte til at domkyrkja vart ei av dei minste i Europa. Kyrkja er i dag kjend som eit av dei beste døma på gotisk arkitektur.
Under den andre verdkrigen låg ei avdeling av Flossenbürg konsentrasjonsleir ved Meissen.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.