Mario Monti
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mario Monti (fødd 19. mars 1943) er ein italiensk økonom, politikar og tidlegare EU-kommissær som blei statsminister i Italia 16. november 2011. Han er òg livstidssenator i Det italienske senatet.[1]
Mario Monti | |||
| |||
Fødd | 19. mars 1943 (81 år) Varese i Lombardia | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Italia | ||
Parti | Partilaus | ||
Yrke | samfunnsøkonom, politikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Università Commerciale Luigi Bocconi Universitetet i Torino Università degli Studi di Trento | ||
Utdanna ved | Università Commerciale Luigi Bocconi Yale University | ||
Medlem | Accademia Nazionale dei Lincei Den trilaterale kommisjonen Académie des sciences morales et politiques | ||
Verv | Statsminister i Italia (frå 16. november 2011)
EU-kommissær for konkurranse (18. januar 1995–15. september 1999) | ||
Alle verv |
Monti er utdanna økonom fra Bocconiuniversitetet i Milano, og studerte vidare ved Yale University under nobelprisvinnaren James Tobin. I 1971 blei han tilsett som professor ved Bocconiuniversitetet, og i 1989 blei han rektor ved universitetet. Frå 1995 til 2004 sat Monti som EU-kommissær, først med ansvar for den indre marknaden og seinare for konkurransespørsmål. Monti er rekna som ein forkjempar for den frie marknaden og kutting i offentlege utgifter, og er mellom anna kjend for arbeidet med å definera europeiske og internasjonale antitrust-standardar. I 2001 forhindra han fusjonen mellom General Electric og Honeywell, noko som var første gong Europakommisjonen stoppa ei samanslåing mellom to amerikanske selskap. Har har også sett i gang en prosess mot den monopolaktige stillinga til Microsoft.
13. november 2011 blei Monti beden om å danne ei ny regjering i Italia etter at Silvio Berlusconi trekte seg som statsminister.[2] Han gjekk inn i stillinga 16. november 2011.