From Wikipedia, the free encyclopedia
Marilyn Monroe (1. juni 1926–5. august 1962) var ein skodespelar frå USA. I ettertid er ho nytta som eit ikon og ei personifisering av det glamorøse livet knytt til filmbyen Hollywood i 1950-åra. Trass i lite glamorøs bakgrunn, slo ho seg opp som ei av dei største i filmverda. Ho vert vanlegvis hugsa som ei naiv blondine og som symbol på seksualitet, mykje på grunn av dei rollene ho spelte.[1]
Marilyn Monroe | |||
| |||
Fødd | 1. juni 1926 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles | ||
Død | 4. august 1962 (36 år) | ||
Dødsstad | Brentwood | ||
Fødenamn | Norma Jeane Mortenson | ||
Alias | Marilyn Monroe | ||
Aktive år | 1945–1962 | ||
Verka som | filmskodespelar, modell, filmprodusent, songar, sjølvbiograf, playmate, fotomodell, skodespelar | ||
Mor | Gladys Monroe | ||
Far | Charles Stanley Gifford | ||
Ektefelle | James Dougherty, Joe DiMaggio, Arthur Miller | ||
Sambuar | John F. Kennedy | ||
Prisar | Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Musical or Comedy, David di Donatello, Targa d'Oro, Henrietta-prisen, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Golden Globe |
Marilyn vart fødd Norma Jeane Mortenson i Los Angeles. Ho vart døypt Norma Jane Baker, då det var tvil om kven som var biologisk far. Martin Edward Mortensen, som på dette tidspunktet var gift med mora, stod oppført som far i fødselsattesten. Han vart fødd i Vallejo i California 26. februar 1897, men far hans, Martin Mortensen, vart fødd 8. februar 1861 i Stavanger, som utvandra derfrå i 1878. Mora, Gladys Baker, oppgav aldri kven som var far til dottera.
Etter lang tids sjukdom vart Gladys innlagd på ein mentalinstitusjon, og litle Norma Jeane voks opp både på barneheim og i fleire fosterheimar. Som 16-åring gifta ho seg med den fem år eldre naboguten Jimmy Dougherty. Under krigen arbeidet Norma Jeane som ei av mange kvinner på ein fallskjermfabrikk, der ho heilt tilfeldig vart oppdaga av fotografen David Conover som kom for å ta bilete til The Yank Magazine. Ho var ein «fotograf sin draum».[2] Dette vart starten på ein modellkarriere med suksess, noko som òg var årsaka til at Norma fekk den første kontakten med filmstudioa.
I 1946 signerte ho den første kontrakten sin med Twentieth Century Fox. I mellomtida hadde ha også teke ut skilsmisse frå Dougherty. På filmstudioet og oppfordring frå agenten bleika ho håret blondt og endra namnet sitt til Marilyn Monroe. I åra fram til ho døydde så alt for tidleg i 1962, spela ho i ei rekkje filmar, ho gjorde blant anna ein ugløymeleg innsats som Sugar Kane i den legendariske komedien Some like it hot ('Nokon har det heitt'), der ho spela mot Tony Curtis og Jack Lemmon. Hennar største prestasjon, og første verkelege dramatiske rolle, gjorde Marilyn i den siste fullførte filmen sin, The Misfits av forfattar-ektemannen Arthur Miller. Dette vart elles den siste rolla for motspelaren Clark Gable.
På sine 36 leveår rakk Marilyn å gifte seg tre gonger, i tillegg til å ha vore i forhold med mellom anna John F. Kennedy og Robert Kennedy. Ho rakk og å fullføre heile 29 filmar og starte eige produksjonsselskap, Marilyn Monroe Productions, saman med fotograf og ven Milton Greene, før ho mogelegvis tok sitt eige liv i 1962. Ho hadde akkurat vorte sparka frå rolla si i den aldri fullførte filmen Something's Got to Give grunna utilrekneleg framferd, og ho skal visstnok ha vorte dumpa av begge Kennedybrørne. Den offisielle dødsårsaka var ein Nembutal-overdose, men det har sidan versert ei rekkje meir eller mindre godt funderte teoriar ikring dødsårsaka.[3][4]
Marilyn Monroe har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I Haugesund er det sett opp ei statue av henne.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.