Lekamleggjering, personifikasjon eller personifisering er omgrep for det at ein gjev skapnad og personlegdom til abstrakte omgrep og idear. Dette er ei form for metafor og er utbreidd innan mellom anna religion, litteratur, kunst og retorikk. Ofte er lekamen ein kler ideen i menneskeleg i form eller oppførsel.

Min by, du ligger rastløs selv om dagen din er over. For du vet at natten din blir aldri lang.

Lillebjørn Nilsen
«God natt, Oslo»

Ein kan personifisera noko gjennom å tillegga det eigenskapar som høyrer til ein person, til dømes kjensler eller tankar.

Thumb
A Justiça av Alfredo Ceschiatti. Skulptur som lekamleggjer rettvise ved den brasilianske høgsteretten i Brasília.

Ei meir fullstendig lekamleggjering kan gå ut på å gje ein abstraksjon form som ein person i kunstnariske framstillingar, til dømes i framstillingar av rettvise som ei kvinne med bind for augo, ei skålvekt og/eller sverd.

Nokre utbreidde motiv for kunstnariske lekamleggjeringar er ideal som fridom, rettvise, sanning og dei sju dygdene, abstrakte omgrep som døden og tida, ulike kunstformer, typisk som muser, og geografiske område som land eller verdsdelar.

Sjå og

Døme

Kjelder

«personifikasjon» i Store norske leksikon, snl.no.

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.