![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c4/Mamallapuram%252C_The_Shore_Temple_2%252C_India.jpg/640px-Mamallapuram%252C_The_Shore_Temple_2%252C_India.jpg&w=640&q=50)
Mamallapuram
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mamallapuram eller Mahabalipuram er ein kystby i Tamil Nadu som er vidkjend for det gamle, vakre strandtempelet sitt og annan tidleg dravidisk arkitektur frå 600- til 800-talet. Byen blei sett på UNESCO si liste over verdas kulturarv i 1985.
Mamallapuram | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Folketal | 15 172 (2011)[1] | ||
![]() Mamallapuram 12.619722222222°N 80.194444444444°E / 12.619722222222; 80.194444444444 | |||
Wikimedia Commons: Mahabalipuram | |||
Byen ligg om lag seks mil sør for Chennai. Han var hamneby for pallavariket, og er kalla opp etter kongen deira, Mamalla. Sanskritnamnet Mahabalipuram skal koma frå demonkongen Mahabali.
I Mamallapuram finn ein holetempel, ratha eller uthogde stridsvogner, relieff og frittståande tempel. Dei fleste bygningane og statuane er hogde ut frå enkeltsteinblokker, og er typiske eksempel på tidleg dravidisk arkitektur med klare buddhistiske element.
Folk som bur i området har fleire myter om tempelet og den tidlegare byen som låg ved Mahabalipuram. Tempelet skal ha vore eitt av sju, som saman med byen dei høyrde til ein dag blei slukt av ei flodbølgje. Flodbølgja i desember 2004 avdekte fleire ruinar i Mahabalipuram som kan stamma frå endå eit tempel og sjølve byen frå 600-talet.