From Wikipedia, the free encyclopedia
Macao, eller Macau,[a] er ein adminstrativ region på ei lita halvøy i Sør-Kina, 65 km vest for Hongkong. Hovudstaden er Santa Nome de Deus de Macau.
Macao | |||
澳門 | |||
spesiell adminstrativ region | |||
|
|||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Del av | Aust-Asia, European Union tax haven blacklist, Folkerepublikken Kina | ||
Hovudstad | Santa Nome de Deus de Macau | ||
Areal | 115,3 km² | ||
Folketal | 682 100 (2021)[1] | ||
Språk | portugisisk, kantonesisk | ||
Tidssone | UTC +8 | ||
Retningsnummer | +853 | ||
Domene | .mo | ||
Macao 22.19°N 113.53805555556°E | |||
Kart som viser Macao.
| |||
Wikimedia Commons: Macau | |||
På mandarin heiter Macao ogso Àomén (澳門). Macao er elles kjend som Magok (媽閣廟), Haojing'ao (壕鏡澳), Xiangshan'ao (香山澳) og Liandao (蓮島 «Lotusøya»).
Macao vart grunnlagd som ein portugisisk koloni i 1557 og vart eit viktig handelssentrum. Staden miste mykje av statusen då britane grunnlagde Hongkong like attved. Etter den portugisiske revolusjonen i 1974 oppretta Kina og Portugal diplomatisk samband og byrja forhandla om statusen åt Macao. I 1979 vart Macao eit kinesisk territorium under portugisisk forvaltning. Etter fleire tingingar i 1987 vart det slutta at Macao skulle gjevast til Kina i 1999, med di det vart eit særskilt administrativt område.
Macao ligg på den vestre sida av vika der Perlefloda (Zhujiang) munner ut i Sørkinahavet. Macao er, attåt halvøya, to øyar, Taipa og Coloane. Størstedelen av Macao er utbygd. Der finst ikkje fossar eller elvar, og difor er vatn ei mangelvara.
Turisme er den viktigaste delen i økonomien. Kasinoverksemda står for nesten helvta av innkomene. Andre næringar er tekstilindustri og fyrverkeriproduksjon.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.