Mørdeig
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mørdeig er ein grunndeig ein kan bruka til å laga kaker og paiar. Han er vanlegvis laga av mjøl, sukker, feitt og eventuelt ei smakstilsetjing. Ingrediensane blir hakka eller smuldra saman til ein grynete masse, bunde saman med egg.[1] Førsteleddet «mør» viser truleg til at deigen ikkje er seig og elastisk.[2]
Deigen blir laga ved at ein tek ingrediensane raskt saman, slik at dei ikkje blandar seg heilt. Dette gjer at feittet blir verande for seg i skorpa, og når deigen blir varma opp blir det sloppe ut damp som lagar små rom i deigen og gjer skorpa sprø.[3] Om ein bruker vatn i deigen skal det vera kaldt, og blandast i etter at feittet og mjølet er smuldra saman. Dette gjer at mjølet er dekt av feitt og har mindre sjanse for å utvikla glutenbindingar.[4]