Léros
From Wikipedia, the free encyclopedia
Léros (gresk Λέρος, italiensk Lèro) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho ligg 317 km frå Pireus, hamna til Aten. Frå her kan ein ta ferje i 11 timar for å kome til øya. Øya har ei flatevidd på 53 km² og ei kystlinje på 71 km.
Léros Lokalt namn Λέρος | |
---|---|
![]() Landsbyen Pandéli på Léros | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 37°09′N 26°51′E |
Øygruppe | Dodekanesane
|
Areal | 74,17 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Kálymnos |
Største busetnad | Ajía Marína (2 380 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 7 992 (2021[1]) |
Folketettleik | 107,8 /km² |
Léros er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2] Kálymnos er hovudstad i periferieininga.
Om lag 8 000 innbyggjarar bur fast på øya, men i høgsesongen om sommaren kan talet stige til over 15 000. Øya er kjend for mellomalderfestningen til Maltesarordenen, som sannsynlegvis vart bygd over ein austromersk festning.
I nærleiken ligg øyane Pátmos, Lipsí, Kálymnos, den litle øya Ajía Kyriakí og Farmakonísi.