Kálymnos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kálymnos (gresk Κάλυμνος, italiensk Càlino, tyrkisk Kilimli) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho ligg vest for halvøya Bodrum i Tyrkia (i antikken Halikarnassos) mellom øyane Kos (12 km mot sør) og Léros (2 km mot nord). Sistnemnde er forbunde til Kálymnos via fleire småøyar. Det tek mellom to og fem timar med båt til Kálymnos frå Ródos.
Kálymnos Lokalt namn Κάλυμνος | |
---|---|
Emboriós er den nordlegaste delen av Kálymnos | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 36°59′N 26°59′E |
Øygruppe | Dodekanesane
|
Areal | 134,5 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Kálymnos |
Største busetnad | Kálymnos (13 529 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 17 752 (2021[1]) |
Folketettleik | 132,0 /km² |
Kálymnos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2] Kálymnos er hovudstad i periferieininga.
Øya hadde i 2021 eit folketal på 17 752, som gjer Kálymnos til den tredje folkerikaste i Dodekanesane etter Ródos og Kos. Av desse budde 13 529 innbyggjarar i tettstaden med same namn.[1]
Hos grekarane er innbyggjarane kjend for velstanden sin, og ho er den rikaste øya i Dodekanesane og ei av dei rikaste av dei greske øyane.