![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4a/Lyttelton%252C_New_Zealand.jpg/640px-Lyttelton%252C_New_Zealand.jpg&w=640&q=50)
Lyttelton på New Zealand
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lyttelton (Ōhinehou på maori) er ein hamneby på den nordlege breidda til den naturlege hamna Lyttelton Harbour ved Bankshalvøya på austkysten til Sørøya på New Zealand. Han ligg 12 km langs vegen frå Christchurch,
Lyttelton Ōhinehou (maori) | ||
---|---|---|
Tidlegare namn | Port Cooper, Port Victoria | |
![]() | ||
Styresmakter | ||
Land Region Distrikt |
![]() Canterbury Christchurch | |
Grunnlagd | 1849 | |
Geografi | ||
Flatevidd | 14,4362 km² | |
Flatevidd - By |
14,4362 km² | |
InnbyggjararFolketeljinga i 2006 - By (2006) - folketettleik |
3072 212,8/km² | |
Koordinatar | 43°36′S 172°43′E | |
Tidssone | + 12 (UTC) | |
Plassering | ||
Etter som staden kom til å verta ein landingsstad for sjøfararar til Christchurch, har Lyttelton historisk vorte sett på som «innfallsporten til Canterbury» for innvandrarane til kolonien.[1] Hamna er eit vanleg reisemål for cruiseskip og er den viktigaste godsterminalen på Sørøya. Ho tek hand om 34 % av eksporten og 61 % av importen rekna etter verdi.[2] I 2009 fekk Lyttelton status som historisk område i kategori I av New Zealand Historic Places Trust (NZHPT),[3] og definert som «eit område med særskilt eller framståande historisk eller kulturell arv».
Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet i byen (inkludert nærliggjande bukter som Rapaki og Corsair Bay) 3072, mot 3042 ved teljinga i 2001.