![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0c/Sydney_Harbour_aerial.jpg/640px-Sydney_Harbour_aerial.jpg&w=640&q=50)
Naturleg hamn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei naturleg hamn er eit uttrykk ein nyttar for å skildre hamner som først og fremst har vorte til fordi landskapet har vore forma slik at ein har kunna laga trygge hamner med minimalt med arbeid.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0c/Sydney_Harbour_aerial.jpg/640px-Sydney_Harbour_aerial.jpg)
Naturlege hamner har vore senter for busetjing, fiske og handel, og har òg vore strategisk viktige. Mange store byar har vakse opp rundt dei, og den naturlege hamna i Sydney er verdas største.
I Noreg er det vanleg at vikar har fungert som naturlege hamner, og då særskilt dersom holmar og skjer har fungert som ekstra vern mot naturkreftene. Hamna i Fosnavåg på Sunnmøre vert sett på som den største naturlege hamna i Noreg.
I tempererte soner med korallvekst, til dømes i Stillehavet og rundt Australia, har det oppstått naturlege hamner av korallrev. Lagunar er ei form for naturleg hamn skapt hovudsakleg av korallrev.