Ljudmila Ivanovna Bragina[lower-alpha 1] (fødd 24. juli 1943) er ein russisk tidlegare mellom- og langdistanseløpar som tevla for Sovjetunionen. Ho vart olympisk meister på 1500 meter i 1972, og sette fleire verdsrekordar på både 1500 m og 3000 m i tida 1972-76-

Kjappe fakta
Ljudmila Bragina
Thumb
StatsborgarskapSovjetunionen
Fødd24. juli 1943 (81 år)
Jekaterinburg, Berjozovskij
Yrkemellomdistanseløpar
Høgd165 centimeter
Politisk partiSovjetunionens kommunistiske parti
Ljudmila Bragina på Commons
Lukk

Aktiv

Bragina vart nummer seks på 1500 m i EM i friidrett 1971 i Helsingfors. Året etter hadde ho store framgangar på distansen, og på den nye distansen over 3000 m. Ho sette verdsrekordar i begge; 4.06,9 og 8.53,0. I dei olympiske sommarleikane i München drog ho med seg nesten heile 1500-meterfeltet under den gamle verdsrekordtida. Sjølv vart ho på den nye verdsrekordtida 4.01,4 ein klar vinnar føre Gunhild Hoffmeister frå Aust-Tyskland.

Etter å ha forbetra sin eigen verdsrekord på 3000 m med tre tidels sekund til 8.52,7, var Bragina største favoritten på distansen i friidretts-EM 1974. Her vart ho derimot klart slått i spurten av Nina Holmén frå Finland, og måtte nøye seg med sølvmedaljen.

Den 7. august 1976 sprang Bragina inn på smått utrulege 8.27,2 på 3000 m og slo dermed Grete Waitz sin ferske verdsrekord på distansen med over 18 sekundar. Verdsrekorden til Bragina stod i seks år.

Merknadar

  1. kyrillisk skrift Людмила Ивановна Брагина

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.