Det kyrilliske alfabetet er eit skriftsystem som vert brukt til å skriva mange språk frå Aust-Europa og Asia. Dei fleste språka som vert skrive med det kyrilliske alfabetet har små variasjonar i kva skriftteikn som vert brukt, for å tilpassa alfabetet til språklydane i språka. Den vanlegaste varianten er det russiske alfabetet, som vert brukt for å skriva russisk. Det kyrilliske alfabetet vert òg brukt til fleire språk i land som tidlegare var del av Sovjetunionen, til dømes ukrainsk og kviterussisk. Dei fleste minoritetsspråka i Russland, til dømes tsjuvansk, komi og tsjetsjensk, vert òg skrivne med eigne variantar av det kyrilliske alfabetet. Utanfor den tidlegare Sovjetunionen vert det kyrilliske alfabetet brukt i serbisk, bulgarsk, makedonsk og mongolsk. Enkelte språk som i sovjet-tida vart skrivne med det kyrilliske alfabetet har i den siste tida skifta til det latinske alfabetet, til dømes aserbajdsjansk.

Det kyrilliske alfabetet byggjer på det greske. Dei russiske og ukrainske variantane er sette saman av 33 bokstavar, den kviterussiske av berre 32, og den tsjuvanske varianten har 37 bokstavar.

Alfabetet er oppkalla etter apostelen Kyrillos, som levde på 800-talet. Moderne russisk (storrussisk) vart konstruert på byrjinga av 1800-talet og byggjer på kyrkjeslavisk og det glagolittiske alfabetet, som framleis vert brukt i den russisk-ortodokse kyrkja.

Kyrillos (827-869) og Methodios (826-885) var to bysantinske brør som var apostlar blant slavarane. Dei brukte slavisk som kyrkjespråk og omsette Bibelen til slavisk. Begge brukte sannsynlegvis både glagolittisk og kyrillisk.

Moderne kyrilliske alfabet

Russisk

Det russiske alfabetet er den mest utbreidde forma av det kyrilliske alfabetet:

Meir informasjon Storbokstav, Litenbokstav ...
Stor
bokstav
Liten
bokstav
Norsk
transkripsjon
Aa    a
Бб    b
Вв    v
Гг    g
Дд    d
Ее    e/je/ie
Ёё    jo/io
Жж    zj
Зз    z
Ии    i
Йй    j
Кк    k
Лл    l
Мм    m
Нн    n
Оо    o
Пп    p
Рр    r
Сс    s
Тт    t
Уу    u
Фф    f
Хх    kh
Цц    ts
Чч    tsj
Шш    sj
Щщ    sjtsj
Ъъ(hardt teikn, sløyft i transkripsjon)
Ыы    y
Ьь(mjukt teikn, sløyft i transkripsjon)
Ээ    e
Юю    ju/iu
Яя    ja/ia
Lukk

Ukrainsk

Ukrainsk har følgjande modifiseringar:

Meir informasjon Storbokstav, Litenbokstav ...
Stor
bokstav
Liten
bokstav
Norsk
transkripsjon
Ггh
Ґґg
Єєje
Ииy
Iii
Їїji
Lukk

Kviterussisk

Kviterussisk skil seg frå russisk med desse bokstavane:

Meir informasjon Storbokstav, Litenbokstav ...
Stor
bokstav
Liten
bokstav
Norsk
transkripsjon
Ґґg
Ггh
Iii
ЎЎw
Lukk

Tsjuvansk

tsjuvansk finst òg:

Meir informasjon Storbokstav, Litenbokstav ...
Stor
bokstav
Liten
bokstav
Norsk
transkripsjon
Ӑӑkort å
Ӗӗkort ø
Ҫҫnorsk kj
Ӳӳnorsk u
Lukk

Sjå òg


Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.