From Wikipedia, the free encyclopedia
Livisk er eit austersjøfinsk språk som blir snakka i Latvia. Det er i slekt med finsk og estisk, men ikkje med latvisk, som er eit indoeuropeisk språk.
Etter den andre verdskrigen var språket vorte mindre og mindre brukt. Austlivisk er no utdøydd. Den siste talaren i det tradisjonelle språkområdet som hadde livisk frå barnsbein av, Grizelda Kristiņa, døydde i 2013. Ethnologue rapporterer at 35 menneske snakkar språket, og berre ti av dei flytande,[1] men språket er i ein kraftig revitaliseringsprosess.
Det historiske området til språket er Livland-regionen i Latvia, som ligg på Kurzemehalvøya nord for Riga. Det vart halde i hevd i åtte landsbyar på vestkysten av halvøya. Etter den andre verdskrigen gjekk den tradisjonelle levemåten deira i oppløysing. Sovjetunionen la sterke restriksjonar på busetnaden i grenseområda, inkludert den latviske kyststripa. Mange livarar flytta til Riga, og dette hemma bruken av språket.
Første gongen livisk vart prenta og gjeve ut, var i 1863, då ein gav ut Matteusevangeliet på både den austre og vestre dialekten. Talet på trykksaker på livisk er berre eit par dusin. I tillegg til religiøs litteratur har ein laga kalendrar, diktsamlingar og lesebøker. Livli, eit månadstidsskrift, kom ut mellom 1931 og 1939.[2]
Den siste liviske morsmålstalaren i det tradisjonalle språkområdet døydde i 2013, men det finst likevel mange livisktalande personar. Dei har både høyrt liviskspråklege besteforeldre snakke det, og dei er del av ei revitaliseringsrørsle, som dei siste åra har styrkt seg. Eit døme på dette er t.d. diktsamlinga Trillium frå 2018, med dikt av Valt Ernštreit, Baiba Damberg og K̦empi Kārl.
Livisk vart tidlegare snakka i store delar av Latvia, det finst mange spor av det i det latviske språket og livisk kultur er ein del av den latviske identiteten.
Det liviske alfabetet:
Livisk har 13 kasus, dei grammatiske nominativ, genitiv, partitiv og dativ, lokalkasusa illativ (inn i), inessiv (inni), elativ (ut av), allativ (bort til), adessiv (på, ved), ablativ (frå), og dei marginale kasusa translativ (over til) og abessiv (utan). Livisk har ikkje possessivsuffiks. Verba blir bøygde i 3 personar og 2 tal, og i 3 modi. Som i andre uralske språk er negasjonen eit verb, men livisk skil seg frå dei andre austersjøfinske språka med at det i visse tilfelle er person- og numeruskongruens både på negasjonsverbet og på hovudverbet, Livisk er også namngjete for eit fonetisk fenomen som minnar om det danske stød, jf. Wiik 1989.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.